Dette skriv juryen for bustadsosial pris i si grunngjeving.
- Kirkens bymisjon ved ByBo har over tid utvikla metodar for busetjing av vanskelegstilte med gode resultat. Arbeidet dei gjer og metodane dei har utvikla tar utgangspunkt i brukarmedverknad der det einskilde menneske står i sentrum. I tillegg til å lukkast med å busetja vanskelegstilte, deler dei raust av sine kunnskapar og erfaringar. Denne verdifulle erfaringsutvekslinga er avgjerande for utviklinga av nye, innovative arbeidsmetodar innanfor det bustadsosiale feltet, seier juryleiar Magnhild Meltveit Kleppa.
ByBo Kirkens Bymisjon har sidan dei starta opp i 2008 hatt som overordna mål å få på plass eit variert og fleksibelt bustadsosialt tilbod i hovudstaden, og har utvikla ei eiga evne til å fanga opp menneske som fell utanfor dei kommunale bustadtilboda. Butilbodet deira buset mange med samansette problem som treng mykje hjelp. Tenestilbodet vert tilpassa den einskilde, og mange bur no meir stabilt og lengre gjennom ByBo enn dei har gjort tidlegare. Dette har resultert i ein kraftig nedgang i talet på akuttinnleggingar.
Verksemda disponerer ca. 80 leilegheiter fordelt på seks ulike adresser. Tilbodet er differensiert, dei ulike husa har forskjellig profil, størrelse og faglig tilnærming. Felles for alle hus er vektlegging på varigheit, og alle bebuarane har vanlige husleigekontraktar.
Juryleiar Magnhild Meltveit Kleppa hadde gleda av å overrekkje prisen til representantar frå ByBo Kirkens bymisjon. I tillegg til heider og ære fekk vinnarane tildelt ein sjekk på 100 000 kroner.
Forutan ByBo var Narvik og Sarpsborg kommune også nominerte til finalen. Heidersprisen vart utdelt i Oslo måndag 12. mai 2014.