Berekraftige byar og sterke distrikt

Type publikasjon:
Stortingsmelding
Utgivelsesår:
2017
Offisielt nummer:
Meld. St. 18 (2016-2017)
Gjelder for årene:
2016-2017

Kort sammendrag

I Sundvolden-erklæringa varsla regjeringa ein ny regionalpolitikk. Den legg mellom anna vekt på rammevilkåra for norske verksemder og arbeidsplassar og ein meir aktiv storbypolitikk. Ulike stader har forskjellig utgangspunkt og moglegheiter. Difor er det naudsynt med ein politikk som kan tilpassast, som styrkjer samarbeid og gjev vekstkraft og likeverdige levekår i alle delar av landet.  

Meldinga gjev eit samansett og kunnskapsbasert bilete av korleis utfordringar og moglegheiter varierer rundt om i landet. Berekraftige byar og sterke distrikt kan dra nytte av kvarandre.

  • Befolkninga skal ha tilgang på grunnleggjande tenester uavhengig av kor dei bur. Tilgangen på meir spesialiserte offentlege tenester vil variere med lokalisering av tenestetilboda.
  • Vi treng eit aktivt og lønsamt næringsliv som innoverer og skaper arbeidsplassar. 
  • Det er eit mål å ha små skilnader mellom regionane i Noreg. Dette vil leggje til rette for å halde på hovudtrekka i busetjingsmønsteret.
  • Byane gjev større tilgang på kompetanse og kapital, infrastruktur og tenester. I distrikta finn vi viktige ressursar som gjev grunnlag for industri og vekst. Fiskeri og havbruk har hatt sterk vekst dei siste åra, og gjeve ny aktivitet i mange småsenterregionar og spreiddbygde område langs kysten av Nord-Noreg, Trøndelag og Vestlandet.
  • Samspelet mellom byane og dei kringliggjande kommunane blei trekt fram som avgjerande for ei vidare berekraftig utvikling. For havbruksnæringa, er byar og tettstader med levande sentrum og gode offentlege tenester, viktig for å trekkje til seg rett arbeidskraft. Reiselivsnæringa peikte på at operatørane treng attraktive byar og tettstader som utgangspunkt for reise- og friluftsliv i til dømes fjell og utmark.
  • Regjeringa styrkjer lokaldemokratiet ved å flytte makt og ansvar til kommunane. Den komande proposisjonen om kommunereforma, som legg vekt på større og sterkare velferdskommunar, vil vere eit viktig grep i ein ny politikk for byar og distrikt. Regjeringa ynskjer ein heilskapleg forvaltningsstruktur som kan møte utfordringar i dag og i framtida. I Meld. St. 22 (2015–2016) Nye folkevalgte regioner – rolle, struktur og oppgaver føreslo regjeringa å gjennomføre ei regionreform frå 2020, samtidig med kommunereforma.
  • Regjeringa vil nytte fagkompetansen som finst på ulike stader i landet, og sikre ei meir balansert lokalisering av statlege arbeidsplassar. Regjeringa sin plan for lokalisering av statlege arbeidsplassar er lagd ved denne meldinga. 

Sentrale føringer eller konklusjoner

 For å nå måla i den nye regionalpolitikken må regjeringa 

  • leggje til rette for gode og inkluderande lokalsamfunn med vekt på sosial berekraft i utsette byområde gjennom områdesatsingar, styrkje og vidareutvikle oppveksttenester,sysselsetjingstenester og nærmiljøkvalitetar og støtte opp under frivillig arbeid som førebyggjer einsemd og fremjar sosial inkludering
  • halde fram arbeidet med dei eksisterande områdesatsingane og fortløpande vurdere samarbeid med andre byar der utfordringane er særleg store
  • støtte opp om kommunar og andre aktørar som ynskjer å prøve ut nye løysingar og verktøy for frivillig forpliktande sentrumssamarbeid
  • opne for at ein tiltakshavar som har søkt om permanent bruksendring, kan gå attende til opphavleg bruk. Regjeringa vil vurdere om det er mogleg å gjere fleire endringar i nasjonalt regelverk som kan gjere det enklare å ta i bruk tomme lokale mellombels til andre føremål enn dei er regulerte til, og vurdere behov for betre rettleiing på feltet
  • Regjeringa styrkjer distrikta gjennom ein aktiv distriktspolitikk. Ei rekkje sektorar er viktige for ein aktiv distriktspolitikk, slik som den generelle nærings- og samferdselspolitikken. Mindre arbeidsmarknader har likevel meir utfordrande føresetnader for omstilling enn større arbeidsmarknader, på grunn av små lokale marknader og lange avstandar, få næringsaktørar og mangel på finansinstitusjonar og kompetansemiljø. Dette gjer det naudsynt med ein nasjonal ekstrainnsats i distrikta.
  • i distrikta: Halde fram med ein særleg innsats for næringsliv i område med særskilde utfordringar, i tillegg til politikken som gjeld heile landet. Ordninga med differensiert arbeidsgjevaravgift er ein sentral del av politikken
  • prioritere finansielle verkemiddel som investeringsstøtte og verksemdsutviklingstilskotutløyse lokal utviklingskraft i distrikta gjennom innsats som legg til rette for næringsutvikling og tiltak som medverkar til å inkludere tilflyttarar
  • gje insentiv til meir og betre samspel mellom universitets- og høgskulesektoren og arbeids-, samfunns- og næringslivet ved å leggje vekt på slike samarbeid i finansieringa av sektoren
  • sikre ei balansert lokalisering av statlege arbeidsplassar og nytte fagkompetansen som finst på ulike stader i landet
  • vere ein aktiv partnar i planlegging for ei framtidsretta og klimavenleg by- og tettstadutvikling i heile landet, der ein prioriterer høg arealutnytting i senter og nær knutepunkt for kollektivtransport
  • samarbeide med byområda om å inngå byvekstavtalar for å sikre samordning mellom arealbruken og investeringane i transportsystema
  • vidareføre forenklingsarbeidet med sikte på å leggje til rette for raskare bustadbygging. For å møte bustadbehovet er det særleg viktig å sjå på korleis det kan leggjast til rette for raskare, billigare og enklare utbygging i kompliserte fortettings- og transformasjonsområde
  • arbeide for ytterlegare harmonisering og samordning av plan- og bygningslova og tilgrensande sektorlover
  • medverke til å styrkje samfunnsplanlegginga i kommunane gjennom betre rettleiing og vurdere tiltak for å gjere det mogleg å rullere samfunnsdelen av kommuneplanen raskare
  • styrkje medverknad frå folk flest i heile planprosessen mellom anna gjennom betre tilrettelegging for digitale løysingar
  • vidareføre arbeidet med digitalisering og forenkling av plan- og byggjesaksprosessane som eit særskilt satsingsområde

Lenke til mer informasjon

Bybloggen har forskarane Kjell Arve Harvold og Heidi Bergsli skrive artikkelen: Ny melding til Stortinget: Vil regionale planer gi bærekraftige byer og sterke distrikt?

Link til elektronisk versjon

Meld. St. 18 (2016–2017) Berekraftige byar og sterke distrikt

Vedlegg til Meld. St. 18 (2016-2017): Plan for lokalisering av statlige arbeidsplasser