Varig bolig framfor hospits

Forfattar:
K. Ludvigsen og S. Fjær
Publisert av:
Notat 1 -2007
Utgivingsår:
2007
Oppdragsgivar:
Kommunal- og regionaldepartementet
Oppdragsutførar:
Rokkansenteret

Kort om publikasjonen

Bakgrunnen for prosjektet er regjeringa si Soria Moria-erklæring, der eit viktig mål er å avvikle hospits og andre mellombelse butilbod av låg kvalitet. I staden skal ein tilby bustadlause varige butilbod. Denne undersøkinga dreiar seg om korleis ein i kommunane samarbeider om å skaffe meir varige bu- og tenestetilbod til dei som bur i mellombelse butilbod. Det er særleg vektlagt korleis dei mellombelse butilboda samhandlar med kommunale instansar med det for auge å etablere eit bustadtilbod som er tilpassa den enkelte og tilfredsstiller kvalitetskrav. Rapporten ser på moglegheitene og barrierane i dette arbeidet slik dei ulike aktørane oppfattar det.

Undersøkinga er i sin heilskap basert på eit kvalitativt datamateriale med tre element: intervju og observasjon ved sju mellombelse butilbod, dokumentasjon frå tiltaka og i tillegg fokusgruppeintervju i seks kommunar.

Oversikt over hovudfunn

  • Eit viktig funn i denne undersøkinga er at graden av samarbeid mellom sosialtenestene og mellombelse butilbod kan ha betyding for å integrere nye strategiar frå det bustadsosiale arbeidet inn i dei mellombelse tiltaka.
  • Samtidig kan eit styrkt bustadfokus i dei kommunale tenestene auke forståinga for at mellombelse butilbod skal vere nettopp det, og ikkje ein stad der vanskelege brukargrupper blir plasserte på ubestemt tid.
  • Vidare går det tydeleg fram ei oppfatning i dei mellombelse butilboda om at mangel på adekvate bustader er eit viktig hinder for å få etablert meir permanente bustadtilbod.
  • Dei vanskelegaste å plassere er dei som har størst og mest samansette behov.

Lenke til meir informasjon

Les rapporten Varig bolig fremfor hospits