Utredning av tiltak for å bedre boforhold for barnefamilier

forside

Publisert av:
Oslo Economics
Utgivingsår:
2018
Oppdragsgivar:
Husbanken
Oppdragsutførar:
Oslo Economics

Kort om publikasjonen

Oslo Economics har i rapporten greia ut om korleis verkemidla Husbanken forvaltar kan verte utnytta for å betre butilhøva for vanskelegstilte barnefamiliar. Rapporten viser tiltak som aukar omfanget av startlån, bustøtte og grunnlån. Husbanken er oppdragsgivar, og ønskte å få greia ut kva tiltak som kan støtte regjeringa si satsing på barnefamiliar. I rapporten vert resultata av den samfunnsøkonomiske analysen dokumentert.

Oversikt over hovudfunn

  • Analysane viser at startlån er det minst kostbare tiltaket, etterfølgt av grunnlån.
  • Høge kostnadar til bustøtte kan i stor grad verte forklart av eit samfunnsøkonomisk effektivitetstap som følgje av skatteinnkrevjing.
  • Over analyseperioden på 20 år er det kun små skilnader mellom alternativa når det gjeld investerings- og driftskostnadar (budsjettmessige verknadar for Husbanken). Unntaket er halvautomatisering av bustøtte som har ein høg investeringskostnad.
  • Startslånordninga har positive konsekvensar for barnefamiliar, hovudsakeleg som følgje av tiltaket sin relativt sikre effekt på barnefamiliane sin bustabilitet. Ei endring av startlånsordninga vil derimot ha ein forventa svakare effekt på bumiljø enn bustabilitet.
  • Analysen syner at endringar i lån frå Husbanken har middels store konsekvensar med omsyn til målsetjingar om å betre butilhøvet for barnefamiliar. Dette skuldast primært at det ikkje er nokon automatikk i at tiltaket treff barnefamiliar i særleg grad. Bukvalitet er den ikkje-prissette nytteeffekten som er mest treffsikker.
  • Ei endring av bustøtteordninga vil først og fremst påverke bustabiliteten til vanskelegstilte barnefamiliar ved at støtta gjer familiane i stand til å oppretthalde butilhøvet i eigna bustad.
  • Det er fleire kjelder til usikkerheit når det gjeld føresetnadane for analyseresultata. For alle verkemiddel er det usikre og indirekte effektar i verknadskjeden fram til ein eller fleire av dei bustadsosiale målsettingane.
  • Eit vesentleg usikkerheitsmoment som kan påverke analyseresultata i stor grad, er verdien av rentesubsidien som følgjer med startlån og grunnlån.
  • Ei generell usikkerheit er at det er uklart kven som vert fortrengt frå bustadmarknaden i dei tilfella der bustadsosiale verkemiddel verkar å føre til prispress i marknaden.
  • Ein går ut ifrå at det vert oppnådd størst effekt og samla måloppnåing ved å kombinere startlån med (tilbodssidetiltak) som grunnlån. Dette skuldast at grunnlån kan bidra til å gjere startlån enda meir treffsikkert som verkemiddel. Ein kan også unngå fortrengingseffektar i bustadmarknaden.

Lenke til meir informasjon

Les hele rapporten.