Tverrsektorielt samarbeid i områdesatsing

Eit statleg perspektiv på områdesatsing som tverrsektorielt grep i velferdspolitikken

Forfattar:
Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDi)
Publisert av:
Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDi)
Utgivingsår:
2014

Kort om publikasjonen

Rapporten ser på korleis statlege velferdsaktørar samarbeider innanfor områderetta innsatsar som blir brukte for å betre levekåra i utsette område. Arbeidsforma legg til grunn ei heilskapleg tverrsektoriell tilnærming til utfordringane. Ei heilskapleg områdesatsing skal sjå ulike sektorar, sosiale, økonomiske og miljømessige forhold i samanheng. Rapporten tematiserer korleis god koordinering på statleg nivå i områderetta innsatsar kan legge til rette for realisering av velferdsgevinstar på lokalt nivå.

Tverrsektorielt samarbeid blir illustrert gjennom tekstbidrag frå arbeids-, bustad-, utdannings-, helse og integreringssektoren.

Oversikt over hovudfunn

  • I områderetta innsats er godt samarbeid på tvers av sektorar avgjerande for kva ein klarer å oppnå.
  • Den komplekse organiseringa av områdesatsingar og kompleksiteten i utfordringsbildet dei skal jobbe med, gjer samarbeidsforma krevjande. Forankring i eigne organisasjonar og god leiarskap er viktig for å lykkast.
  • Samarbeid på tvers av sektorar på statleg nivå har noko å seie for utviklinga av heilskaplege tenester og tiltak på kommunalt nivå.
  • I dei tette banda mellom statlege aktørar og mellom stat og kommune som ein finn i områdesatsingar, ligger det eit innovasjonspotensial. Det blir skapt eit rom for metodeutvikling og nytenking i politikkutviklinga.

Lenke til meir informasjon

Les rapporten om tverrsektorielt samarbeid i områdesatsing

Vedlegg

Tverrsektorielt samarbeid i områdesatsing