Trøbbel i grenseflatene

Samordnet innsats for utsatte barn og unge

Forfattar:
Inger Lise Skog Hansen, Ragnhild Steen Jensen og Tone Fløtten
Utgivingsår:
2020
Oppdragsgivar:
Utdanningsdirektoratet og 0-24 samarbeidet
Oppdragsutførar:
Fafo

Kort om publikasjonen

Rapporten er ein del av oppdraget Fafo har fått frå 0-24 samarbeidet. Oppdraget var å utforme eit kunnskapsgrunnlag for arbeidet med å heve kvaliteten på det tverrsektorielle samarbeidet om barn og unge i kommunane.

Kva er tverrsektorielt samarbeid? Kvifor er det så vanskeleg å få dette til? Kven er utsette barn og unge? Dette er nokre av problemstillingane som vert tekne opp i denne rapporten. I tillegg vert det presentert ei spørjeundersøking om arbeid, organisering og innretting av tenestetilbodet til utsette barn og unge i dei 60 største kommunane og alle bydelane i Oslo.

Oversikt over hovudfunn

  • Meir samordna innsats for utsette barn og unge er høgt prioritert i kommunane
  • Det er fleire årsaker til at det vert «utfordringar i grenseflatene» i kommunane
  • Utvikling av tverrsektorielt samarbeid er ein prosess som krev innsats på fleire område
  • Det er behov for innovasjon i tenesteutviklinga

Lenke til meir informasjon

Les heile rapporten "Trøbbel i grenseflatene"  

Lengre samandrag av publikasjonen

Rapporten viser at omgrepet «utsette barn og unge» slik det vert brukt i forsking, offentlege dokument og utgreiingar har nokre fellestrekk. Utsette barn og unge:

  1. har behov på fleire område samstundes (samansette behov)
  2. har behov for hjelp frå fleire tenester parallelt
  3. det er ofte mogleg å identifisere fleire risikofaktorar som tilseier at barnet eller ungdommen kan kome til å oppleve utfordringar i livet

Å leggje til rette for samordna innsats for utsette barn og unge står høgt på den politiske dagsorden i kommunane. I tillegg ser det ut til å vere eit innovasjonsområde der det er eit omfattande utviklingsarbeid for å tilretteleggje for meir samarbeid, tidleg identifisering og heilskapleg oppfølging.

Svara frå spørjeundersøkinga illustrerer at det er utfordringar i grenseflatene mellom tenestene som har ulike ansvarsområde for oppfølging av utsette barn, unge og deira familiar. Årsakene til dette kan vere:

  • manglande kunnskap om kva andre tenester og profesjonar i kommunen kan bidra med
  • manglande merksemd om heilskapleg behov, og vegring mot å ta ansvar for koordinering
  • avgrensa økonomiske ressursar
  • manglande kultur for samarbeid
  • lovverk (f.eks teieplikt) vanskeleggjer samarbeid mellom sektorar
  • manglande rutiner for samarbeid

Det er ei aukande merksemd om brukarane si medverknad og involvering i utvikling av velferdstenester. Rapporten presenterer ein brukarorientert modell som illustrerer kompleksiteten i tenesteapparatet og behovet for tverrsektorielt samarbeid. Spørsmålet er om større brukarorientering vil utfordre dei ulike tenestene sine spesifikke perspektiv, og flytte merksemda frå avgrensa ansvarsområde til brukaren sitt samtidige behov for ulike tenester.

Samarbeid og samordning kan forklarast som ein prosess med ulike nivå:

  1. Deling av informasjon og kunnskap.
  2. Aktiv prosess som legg vekt på større kjennskap til ulike aktørars kompetanse og tenester, og utviklinga av ei felles problemforståing.
  3. Koordinering av parallelle innsatsar, trekkje i same retning og ikkje svekke måloppnåinga til kvarandre.
  4. Samordning, det vil seie jobbe aktivt saman, for å lage felles løysingar.

Det må utviklast større relasjonell kapasitet og kompetanse i kommunane og blant aktørane. Aktørane må møtast på felles arenaar for å utvikle ei felles problemforståing og respektere verdien av ulik kompetanse og tiltak. Dei må erfare at samarbeid gir betre løysingar og ein meirverdi som tenestene ikkje kan oppnå åleine.

Ein viktig føresetnad for å fremje og prioritere samhandling er leiarforankring, både politisk og administrativt.

Samarbeid og samordning er ikkje ein lineær prosess. Det er naudsynt med aktivitet på fleire nivå over tid.

Sektoriseringa i velferdsstaten gjenspeglar seg i ulike institusjonelle logikkar. Desse logikkane pregar korleis tenestene forstår utfordringane dei står overfor, kva for ansvar dei har, og kva dei ser som relevante tilnærmingar og tiltak.  Denne organisatoriske siloinnrettinga vert forsterka av mål- og resultatstyringa.

Det er mykje samarbeid og samordning på statleg, regionalt og kommunalt nivå, men det vert ofte opplevd som krevjande å få dette til. Å utvikle nye strukturar er ein viktig del av innovasjon på oppvekstfeltet.