Tidsbruken i bosettingsarbeidet

En studie av prosessen fra positivt vedtak til bosetting

Forfattar:
K. Thorshaug, V. Paulsen og B. Berg
Publisert av:
NTNU Samfunnsforskning AS
Utgivingsår:
2013
Oppdragsutførar:
NTNU Samfunnsforskning AS

Kort om publikasjonen

Rapporten greier ut årsaker til at flyktningar og tidlegare asylsøkarar som får opphald i Noreg, opplever stadig aukande ventetid før dei blir busette i ein kommune. Det er sett på korleis ein kan oppnå ei raskare busetting frå asylmottak, fortrinnsvis utan at kommunane sin sjølvråderett i busettingsarbeidet blir redusert. Forskarane gir eit detaljert bilde av prosessen frå positivt vedtak blir gitt og opplyst til søkaren, til faktisk flytting til ein kommune skjer. Prosessen blir framstilt i fire fasar, som kvar har sine utfordringar og strategiar: 1: Frå positivt vedtak til opplysning om vedtak, 2: Frå opplysning av vedtak til førespurnad om busetting, 3: Frå førespurnad om busetting til utsøking, og 4: Frå utsøking til busetting. Før dei fire fasane er prosessen med IMDi sine førespurnader til kommunane om busetting.

Rapporten har fokus på busettinga i 2011 og 2012, og baserer seg på breiddeundersøkingar i busettingskommunar og ordinære asylmottak, statistikk frå Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) og Utlendingsdirektoratet (UDI), og i tillegg kvalitative intervju med Barne‐, likestillings‐ og inkluderingsdepartementet (BLD), IMDi, UDI, KS, Berekningsutvalet (bereknar kommunane sine gjennomsnittlege utgifter til busetting og integrering av flyktningar og einslege mindreårige), politidistrikt, ordinære asylmottak og busettingskommunar, i tillegg til dokumentgjennomgang.

Oversikt over hovudfunn

  • Før flyktningane skal busettast, er det mykje forarbeid i kommunane. Mangel på bustader er den klart største utfordringa fordi det er for få ledige bustader både i den kommunale og den private leigemarknaden. Låg gjennomstrøyming i dei kommunale bustadene, konkurranse om private leigebustader og høge husleigeprisar i den private marknaden er andre utfordringar.
  • Kommunane bør opparbeide tydelege samarbeidsrutinar mellom dei einingane som blir involverte i busettingsarbeidet – inkludert arbeidet med å skaffe bustader – for å sikre at det busettingsførebuande arbeidet kan skje raskt og effektivt, utan at ein går ned på kvaliteten.
  • Både på statleg og kommunalt nivå bør det satsast meir på tilskotsordningar til bruk for å skaffe bustader. Dette inneber blant anna å auke rammene for tilskot til utleigebustader.
  • Ifølge forskarane må delar av prosessen i fasen frå ein flyktning er søkt ut til faktisk busetting skjer, ta så lang tid som det tok då undersøkinga skjedde, for å sikre at rask busetting også inneber god busetting. Eit for stort press på kommunane om rask busetting kan føre til at ein vel mellombelse løysingar, eksempelvis busetting i bufellesskap eller i bustader som ikkje vil vere aktuelle/eigna løysingar på sikt.
  • Ei god kartlegging i mottak legg til rette for at kommunen kan gi eit så godt tilbod som mogleg ved busetting, og det er viktig at kommunane sitt informasjonsbehov fell saman med kartleggingsarbeidet i asylmottak.

Lenke til meir informasjon

Les rapporten om tidsbruken i bosettingsarbeidet

Vedlegg

Tidsbruken i bosettingsarbeidet