Store bofellesskap for personer med utviklingshemming

bilde av rapporten

- noen konsekvenser

Forfattar:
Anna Kittelsaa og Jan Tøssebro
Publisert av:
NTNU Samfunnsforskning AS, Avdeling Mangfold og inkludering
Utgivingsår:
2011

Kort om publikasjonen

Utgangspunktet for denne rapporten er følgande: Mens retningslinjene som er knytte til reformen for utviklingshemma i 1991, var at bufellesskap skulle vere for fire eller færre, er trenden i dag å samle mange fleire. Ifølge Söderström og Tøssebro (2011) er meir enn halvparten av bufellesskapa som er bygde etter år 2000, for sju eller fleire. Denne rapporten vil kort beskrive denne trenden, men legg hovudvekta på kva konsekvensar utviklinga kan ha for tenestene og brukarane sin kvardag.  

Rapporten baserer seg på data som er samla inn om utviklingshemma sine levekår og tenester i 2010.

Oversikt over hovudfunn

Kort samanfatta viser denne rapporten: 

  • Delen av utviklingshemma som bur i store bufellesskap, har auka markert i tida etter 2001, og det er ei dominerande buform blant dei som har fått ny bustad etter år 2000. Store bufellesskap blir bygde i alle slags kommunar bortsett frå i dei aller minste.
  • Mange bufellesskap ligg i område som er prega av omsorgsfunksjonar og institusjonar. Eit aukande tal bufellesskap er for fleire grupper av personar med hjelpebehov.
  • Store bufellesskap formidlar i større grad ytre teikn på avvik enn små.
  • Argumentet om at store bufellesskap gir mindre einsemd og større sosiale nettverk kan avvisast. Her er det ikkje størrelse det kjem an på.
  • Våre indikasjonar når det gjeld personalforhold, fagmiljø og organisasjon er lause i forhold til det som er trekt fram i debatten. Funna peikar likevel klart i ei anna retning enn det kommunane har argumentert med. Store bufellesskap kjem dårlegare ut.
  • Pårørande ønsker ikkje store bufellesskap. Det gjeld også blant pårørande til dei som faktisk bur slik. 

Lenke til meir informasjon

Les  rapporten. 

Aktuell parallell rapport NTNU Samfunnsforskning - Innfridde mål eller brutte visjoner?

Midlertidige endringer av praksis

Her i veiviseren har vi samlet all relevant informasjon og lenker fra direktoratene rundt tiltak og endringer av praksis knyttet til pandemien.

Denne informasjonen er samlet for deg som jobber på bolig- og tjenesteområdet.  

Vis informasjon