Statlig dialog med kommunene på det boligsosiale området

Forfattar:
Rambøll
Publisert av:
Sluttrapport
Utgivingsår:
2012
Oppdragsgivar:
Husbanken
Oppdragsutførar:
Rambøll

Kort om publikasjonen

Formålet med oppdraget har vore å gjennomføre ei kartlegging som gir oversikt over den samla statlege dialogen med kommunane som kan ha betyding for deira bustadsosiale arbeid. Overordna sett skjer den statlege dialogen til kommunane gjennom departement og underliggande organ, og dei ulike dialog- og styringsgrepa dei nyttar seg av. I prosjektet er tilskot, rettleiing, rådgiving og lovverk vektlagde som dialog- og styringsgrep.

Rapporten er basert på dokumentstudiar, og supplert med kvalitative intervju på departements-, direktorats-, regions- og kommunenivå.

Oversikt over hovudfunn

  • Husbanken var den mest sentrale og synlige statlege aktøren på det bustadsosiale feltet. Jamt over var kommunane godt fornøgde med den dialogen Husbanken førte og dei verkemidla dei kunne tilby innanfor bustadsosialt arbeid.
  • I fleire regionar hadde ein fått til eit godt samarbeid mellom Husbanken, IMDi og Fylkesmannen.
  • Rambøll framheva følgande seks suksesskriterium for ein vidare god statleg dialog med kommunane på det bustadsosiale feltet. Desse er:
  • Tverrfagleg innsats
  • Bruk av prosjekt og programarbeid
  • Bruk av nettverk
  • Samordning av tilskotsordningar
  • Vektlegge bustad i skriftlege rettleiarar
  • Ein samordna og fleksibel dialog med kommunane

Lenke til meir informasjon

Les studien av statens dialog med kommunene på det boligsosiale området