Samspillet mellom bostøtte, boligtilskudd og startlån

Forfattar:
R. Barlindhaug og K. Astrup
Utgivingsår:
2008
Oppdragsgivar:
Husbanken
Oppdragsutførar:
NIBR

Kort om publikasjonen

Hovudhensikta med rapporten er å danne grunnlag for å forbetre samspelet mellom verkemidla slik at kommunar som i dag har store utfordringar knytte til arbeidet med vanskelegstilte på bustadmarknaden, i større grad tar i bruk verkemiddelpakkar for å lette etableringa i eigen eigd bustad. Rapporten fokuserer på dei moglegheitene som dagens regelverk gir for å utnytte alle verkemidla for å få fleire vanskelegstilte inn i eigarmarknaden. Ein sentral del av utgreiinga har vore å avdekke eventuelle hol i eller mellom verkemidla for ulike grupper i ulike bustadmarknader.

Rapporten er basert på analysert data frå levekårsundersøkinga i 2004, og i tillegg telefonintervju med personar ved Husbanken sine regionkontor.

Oversikt over hovudfunn

  • Det er liten grad av samvirke mellom ordningane.
  • Særleg for par utan barn og barnefamiliar med to vaksne er avstanden mellom den høgaste inntekta som kvalifiserer for bustøtte, og den inntekta som blir kravd for å betene eit startlån, betydeleg.
  • Det er først når auka nedbetalingstid blir kombinert med endringar i bustøtteordninga, at samspelseffekten blir auka betydeleg.
  • Rammene for bustadtilskot blei av informantane oppfatta som for små. I mindre kommunar er det derfor vanskeleg å oppfylle Husbanken sine ønske om å gi store bustadtilskot til få søkarar.

Lenke til meir informasjon

Les rapporten om samspillet mellom bostøtte, boligtilskudd og startlån