Sammen eller hver for seg?

Botetthet og integrering blant rusavhengige kommunale leietakere

Forfattar:
Anders Vassenden, Nils Asle Bergsgard, Christopher Bratt
Utgivingsår:
2013
Oppdragsgivar:
Husbanken
Oppdragsutførar:
IRIS

Kort om publikasjonen

Rapporten handlar om butettleik og integrering blant rusavhengige som leiger bustad av norske kommunar. Rapporten er ei oppfølging av «Ryktet forteller hvor du bor».
Forskarane har undersøkt kva det tyder for den einskilde leigetakar at bustaden ligg samlokalisert med andre kommunale bustader eller spreidd i ordinære nabolag. 

Rapporten byggjer på kvantitative data frå ei spørjeundersøking blant rusavhengige kommunale leigetakarar i 16 norske kommunar.

Oversikt over hovudfunn

  • Rusavhengige er overrepresenterte i konsentrert busetting. I 8 av 10 kommunar bur minst halvparten av dei rusavhengige kommunale leigetakarane konsentrert. Dette er det motsette av kva kommunane sjølv har av ideal.
  • Bumiljø med større samlingar av kommunale leilegheiter, men med få rusavhengige, kjem bra ut i kommunen sine vurderingar.
  • Bumiljø med mange rusavhengige, anten det er større konsentrasjonar med liten bemanning, eller færre samlokaliserte kommunale bustadar med høg grad av bemanning, kjem på si side dårlegast ut. Den føretrekte busettinga av rusavhengige, både slik kommunen og bebuarane ser det, er altså spreidde bustadar i ordinært bumiljø.

Lenke til meir informasjon

Last ned rapporten "Sammen eller hver for seg? Botetthet og integrering blant rusavhengige kommunale leietakere"(pdf)

Midlertidige endringer av praksis

Her i veiviseren har vi samlet all relevant informasjon og lenker fra direktoratene rundt tiltak og endringer av praksis knyttet til pandemien.

Denne informasjonen er samlet for deg som jobber på bolig- og tjenesteområdet.  

Vis informasjon