Roller og rammevilkår for frivillig sektor i boligsosialt arbeid

forside

Forfattar:
Rune Ervik og Tord Skogedal Lindén
Utgivingsår:
2016
Oppdragsgivar:
Husbanken
Oppdragsutførar:
Uni Research Rokkansenteret

Kort om publikasjonen

Denne rapporten utgjer andre del av prosjektet «Frivillig sektor og boligsosialt arbeid» og er utført for Husbanken. I 2015 gjennomførte Jill Loga (prosjektleiar), Ivar Eimhjellen og Camilla Lied første del av prosjektet «Frivillig sektor og boligsosialt arbeid» for Husbanken. Rapporten deira problematiserte sentrale omgrep, og fokuserte på frivillige aktørar si rolle i bustadsosialt arbeid, både historisk og om kva rolle dei kan spele framover.

Del to av prosjektet er utført i perioden september – desember 2016, og tek utgangspunkt i dei tre rollene Loga, Eimhjellen og Lied meiner frivillig sektor kan fylle i bustadsosialt arbeid. Gjennom dokumentanalyse og intervju med offentlege aktørar og aktørar i det bustadsosiale feltet utvidar rapporten analysen med ny kunnskap om forståinga av frivilligheit, tydinga av rammevilkår og moglege konsekvensar dersom frivillig sektor får ei anna rolle på feltet enn i dag.

Oversikt over hovudfunn

Rapporten tek utgangspunkt i hovudkonklusjonen frå førre rapport i dette prosjektet. Loga mfl. konkluderer med at det kan identifiserast tre ulike hovudroller for frivillig sektor i bustadsosialt arbeid; tradisjonell ideell organisasjon med profesjonalisert tenesteproduksjon, småskalafrivilligheit, sosial innovasjon og sosialt entreprenørskap.

Med dette som utgangspunkt undersøker denne rapporten tre hovudspørsmål:

  1. Kva slags forståingar av frivilligheit ligg til grunn for styresmaktene si satsing og forventing til frivillig sektor og bustadsosialt arbeid?
  2. Korleis påverkar rammevilkår frivillig sektor si form og innhald?
  3. Kva for konsekvensar vil ei endra rolle for frivillig sektor ha for den offentlege velferdsmodellen?

Hovudfokus ligg på spørsmål 1 og 2, medan det for spørsmål 3 vert drøfta utvalde problemstillingar. Med utgangspunkt i dei to kommunane Bergen og Oslo, er det gjort eit utval innanfor frivillig sektor med sikte på å identifisere typar av frivilligheit i bustadsosialt arbeid som omtala ovanfor.

Rapporten drøftar desse tre hovudspørsmåla ved hjelp av dokumentanalyse og intervju med offentlege aktørar og aktørar i det bustadsosiale feltet. Det vert lagt vekt på å greie ut om nye tiltak og verksemder innanfor småskalafrivilligheit og sosialt entreprenørskap for å illustrere korleis frivillig sektor kan bidra i bustadsosialt arbeid.

I den første delen av rapporten vert det drøfta kva for forståingar av frivilligheit som ligg til grunn for styresmaktene si satsing, og forventingar til frivillig sektor og bustadsosialt arbeid.

Hovudfunn, første spørsmål:

  • Analysen av aktuelle sentrale dokument viser at omgrep som frivillig sektor og frivilligheit ikkje alltid vert presisert i offentlege dokument. Både offentlege aktørar og aktørar i det bustadsosiale feltet kommenterer at offentlege dokument er vage med omsyn til kva for ei rolle frivillig sektor skal spele.
  • Offentlege aktørar er i større grad enn representantar for ideelle organisasjonar opptatt av det som vert omtala som «ekte» (småskala) frivilligheit.
  • Offentlege aktørar og aktørane i det bustadsosiale feltet er samde om dei viktigaste oppgåvene for frivillig sektor i det bustadsosiale arbeidet, som er å supplere offentlege tilbod, bidra med innovative løysingar og vere eit talerøyr for svake grupper.
  • Aktørane ser spesielt stort potensiale i småskalafrivilligheit og at omfanget av frivillig arbeid er mindre her enn på andre velferdsområde.
  • Rapporten presenterer nye bustadsosiale tiltak av typen småskalafrivilligheit og sosialt entreprenørskap. Bokontakt er ei etablert ordning i Bergen som illustrerer kommunal innovasjon. Bergen bidrar er eit forsøk frå Bergen kommune på å koordinere frivilligheit i samband med flyktningstraumen. Frivillige bustadformidlarar er eit mellomledd mellom utleigar og leigetakar som både hjelper flyktningane inn på bustadmarknaden og bidrar til integrering. Mestringsguiden er ein sosial entreprenør med liknande tilnærming. Alternativ utleie er ei utleigeteneste som koplar bustadeigarar som ikkje er opptatt av maksimal profitt og økonomisk vanskelegstilte barnefamiliar. Tillitsperson er ein sosial entreprenør som rettar seg mot rusmisbrukarar.
  • Felles for både småskalafrivilligheita knytt til bustadkontakt, Bergen bidrar og Frivillige bustadformidlarar, AU og Mestringsguiden, som deler mange av sosiale entreprenørar sine kjenneteikn, er at dei ved å fokusere på bustadkjøp og bumeistring for vanskelegstilte på bustadmarknaden, er i kjernen av bustadsosialt arbeid. Som nye tiltak har dei, med unntak av Bokontakt, også til felles at det er for tidleg å gi ei god vurdering av kva for ei rolle dei fyller i det bustadsosiale arbeidet, og om det representerer nye og vellukka modellar.

I den andre delen av rapporten vert det drøfta korleis rammevilkår påverkar frivillig sektor si form og innhald.

Hovudfunn, andre spørsmål:

  • Offentlege aktørar og aktørar i det bustadsosiale feltet er samde om at tilskotsordningar er viktige for å fremje utvikling og innovasjon.
  • Fleire informantar uttrykker også skepsis mot omgjeringa av Husbanken sitt kompetansetilskot til ei generell overføring i kommunane sitt rammetilskot.
  • Aktørane er i mindre grad samde med omsyn til anbodskonkurransar og EU-direktiv. Offentlege aktørar ser også fleire utfordringar her, men framhevar i større grad positive sider ved anbod.
  • Ideelle aktørar viser også til positive sider, men er meir kritiske. Desse peiker på utfordringar for deira verdigrunnlag, identitet og autonomi, svekka samarbeidsrelasjonar med kommunen og konkurranse mellom ideelle organisasjonar som uheldig. 

I den tredje delen av rapporten vert det drøfta kva konsekvensar ei endra rolle for frivillig sektor vil ha for den offentlege velferdsmodellen.

Hovudfunn, tredje spørsmål:

  • Når det gjeld spenningar mellom ulike velferdsleverandørar ser dei ideelle organisasjonane ikkje noko grunnleggjande problem med å gi større plass til ideelle organisasjonar i det bustadsosiale feltet. Ei potensiell alvorleg spenning kan oppstå dersom frivillig sektor utviklar eigne tiltak i form av ideell tenesteproduksjon eller småskalafrivilligheit som reduserer bruk av eller motverker utvikling av offentlege tiltak. Frivillig sektor kan slik bidra til å avpolitisere spørsmål og dekkje opp for manglande offentlege tiltak.
  • Ei anna viktig spenning omhandlar faglegheit; medan dei ideelle organisasjonane på mange måtar leverer tenester som offentlege institusjonar,  vert småskalafrivilligheita prega av frivillig innsats.
  • Det offentlege kan oppleve utfordringa knytt til koordinering når talet på frivillige aktørar aukar, noko som også kan skape press på tilgjengeleg infrastruktur.

Lenke til meir informasjon

Les heile rapporten