Effekt- og resultatverktøy for Områdeløft

forside rapport

Forfattar:
Fernanda Winger Eggen, Marthe Nordberg-Schultz og Rolf Røtnes
Utgivingsår:
2017
Oppdragsgivar:
Husbanken
Oppdragsutførar:
Samfunnsøkonomisk analyse AS

Kort om publikasjonen

Samfunnsøkonomisk analyse AS (tidlegare Damvad Norge) har utvikla eit resultat- og effektmålingsverktøy og gjennomført målingar, begge knytt opp mot Husbanken sitt program for Områdeløft. Rapporten oppsummerer arbeidet og gir anbefalingar for bruk av verktøyet etter prosjektet.

Oppdraget frå Husbanken har vore tredelt: 1) skaffe kunnskap om resultat og effektar på tvers av områda, 2) utvikle eit robust verktøy for vedvarande måling av resultat og effektar og 3) bidra til læring og kunnskapsutvikling i Husbanken og for områdeløfta. Arbeidet har lagt vekt på at det er viktig å forstå måla for Områdeløft, og kva indikatorar som gir informasjon om korleis arbeidet bevegar seg mot målet.

Program for Områdeløft har inkludert område i Oslo, Drammen, Bergen og Trondheim. Alle områda er inkludert i målingane gjort gjennom prosjektet.

Oversikt over hovudfunn

  • Målbiletet for Områdeløft er vurdert
  • Det er valt indikatorar som er eigna for å vurdere måloppnåing – kva indikatorar kan ein finne i eksisterande kjelder, og kva indikatorar må ein hente inn nye data for?
  • Utviklinga av valte indikatorar er målt frå 2014-2016, og diskutert undervegs med Husbanken og dei ulike Områdeløfta.
  • Detaljar knytt til funna i målingane kan du lese i samandraget under, eller i sjølve rapporten.

Lenke til meir informasjon

Les heile rapporten. 

Lengre samandrag av publikasjonen

Samfunnsøkonomisk analyse AS har vurdert måla for Områdeløft, og dernest valt indikatorar som kan seie noko om korleis ein kan nå måla. Indikatorar med tilgang på gode data vart identifiserte, samstundes som ein avdekka indikatorar der ein måtte innhente nye data. Resultatet er eit indikatorsett med eksisterande data henta inn frå SSB, sett saman med nye data frå ei spørjeundersøking.

Endringane i valte indikatorar er målt i perioden 2014 - 2016. Undervegs i prosjektet har resultata frå målingane blitt presentert og diskutert med representantar frå alle Områdeløfta, Husbanken og KMD

Dei viktigaste funna i prosjektet dreiar seg om utvikling i områda, målt med indikatorsettet, og på kva måte indikatorsettet er brukbart, og kva informasjonsverdi det har.

Utvikling i områda

Program for Områdeløft inkluderer ni område i Oslo, tre område i Bergen, Fjell i Drammen, og Kolstad-Saupstad i Trondheim. Alle områda er med i målingane på indikatorsettet. Rapporten gjer greie for utviklinga i dei ulike områda ved tre måletidspunkt. Sjå rapporten for meir detaljert informasjon. Under følgjer ei oppsummering av funna.

Samla sett kan det sjå ut som at områdeløft-områda har ei utvikling om lag lik Noreg elles, sett bort frå ei noko svakare vekst i befolkninga enn i byane områda er ein del av. På nokre område kan det likevel sjå ut som det finns teikn til ein ny utviklingsbane. Dei to siste åra har nokre område med høg vekst i befolkninga opplevd sterkare vekst. Dette gjeld spesielt Furuset og Tøyen (Oslo) og Årstad (Bergen).

Utviklinga i talet på skulebarn tyder på at den positive utviklinga òg gjeld familiar med barn (spesielt i Furuset og Tøyen). Det same kan vi sjå i Stovner sentrum (Oslo) og Kolstad-Saupstad, som begge ser ut til å bli meir attraktive for barnefamiliar. I motsett ende finn vi Fjell og Årstad og Laksevåg (Bergen) som ser ut til å bli mindre attraktive for familiar med barn. Folketala i Indre Laksevåg ser ut til å gå frå positiv til negativ endring, det same kan ein sjå i Romsås (Oslo), som i 2015 viser teikn til å bryte ut av ei negativ utvikling i folketal. I Fjell kan det sjå ut til at den tidlegare negative utviklinga i folketal held fram.

I alle områdeløft-områda aukar bustadprisane, men dette har jamt over vore mindre enn i byane områda er en del av. Unntaka var Tøyen, Romsås og Ytre Arna, der prisane har gått vesentleg opp dei to siste åra, samanlikna med byane dei er ein del av. Situasjonen var motsett i Fjell og Saupstad-Kolstad.

Spørjeundersøkingane viser teikn til at fleire er nøgde med områda dei bur i 2016, samanlikna med dei to åra før. Det er òg færre som opplever problem knytt til kriminalitet, vold eller hærverk, og litt fleire som føler seg trygge eller heilt trygge i sitt område. Andelen som svarar at dei brukar møteplassane i sitt område har gått opp.

Når ein ser på indikatorar for sosial deltaking kan det sjå ut som at utviklinga generelt er positiv. Mange har personar som dei kan få hjelp av, og det ser ut til at andelen aukar, samstundes som litt færre svarar at dei har gjort gratisarbeid i 2016 enn i 2015.

Dei fleste områdeløft-områda har omlag like mange uføretrygda som elles i landet. Talet på uføretrygda ser ut til å vere anten lågare eller auke mindre enn i samla i Noreg, sjølv om det òg finns avvik.

På kva måte er indikatorsettet  brukbart, og kva informasjonsverdi har det.

Forskarteamet vurderer at indikatorsettet er vidt nok til å gi informasjon som gir meining når utviklinga i områdeløft-områda skal vurderast opp mot måla for satsinga. Indikatorsettet kan nyttast av alle som er opptekne av at områda skal utvikle seg mot eit meir robust og sosialt berekraftig område, og når det vil vere særleg nyttig å vurdere andre tiltak for utvikling av områda.

Alle som skal bruke indikatorsettet, anten for å følge eitt eller fleire av områda, må forstå føremålet med indikatorsettet. Det målar endring i eit område, kopla til måla for endringa i området. Det er den samla utviklinga som best viser endringa, men enkelte indikatorar kan gje verdifull tidleg informasjon dersom området endrar seg uheldig eller positivt på enkelte område.

Det er svært viktig å bruke utviklinga i indikatorsettet som grunnlag for eigen refleksjon rundt kva det er som har medverka til positiv eller negativ endring i området, kopla til kva mål ein har for utviklinga. Refleksjon kan gje grunnlag for dialog om vidare bruk av verkemiddel, og indikatorsettet kan ha verdi spesielt for dei mange som arbeider med tiltak knytt til områdeløft. Her kan informasjon brukast aktivt i dialog om kva for tiltak som i særskilt stor grad treng støtte for å bidra til positiv endring i eit område. Personar som arbeider tett mot områdeløfta får godt grunnlag for å sjå utviklinga i indikatorane opp mot ulike tiltak i området.

Indikatorsettet kan òg være nyttig i område utan spesielle tiltak, eller der tidlegare tiltak er avslutta. Her kan indikatorane ha ein alarmfunksjon, gjennom å vise om det skjer endringar som gir grunn til nye tiltak (eller ikkje).
Indikatorsettet presenterastsamla i ein Tableu-fil.

Midlertidige endringer av praksis

Her i veiviseren har vi samlet all relevant informasjon og lenker fra direktoratene rundt tiltak og endringer av praksis knyttet til pandemien.

Denne informasjonen er samlet for deg som jobber på bolig- og tjenesteområdet.  

Vis informasjon