- Forfattar:
- E. Dyb og K. Johannessen
- Utgivingsår:
- 2010
- Oppdragsgivar:
- Justis og politidepartementet
- Oppdragsutførar:
- NIBR
Kort om publikasjonen
Kriminalomsorgsmeldinga legg fram ei rekke forslag til tiltak som skal støtte opp om målet om at innsette skal ha ein rimelig sjanse til å leve eit liv utan kriminalitet etter lauslatinga. Denne rapporten ser på vilkår for å gjennomføre regjeringa sin tilbakeføringsgaranti for personar som er under kriminalomsorga.
Rapporten er delt i 5 kapittel. Kapittel 1 er ei generell innleiing.
Kapittel 2 går gjennom tildelingsbrev frå dei sentrale departementa, i tillegg til ein summarisk gjennomgang av samarbeidsavtalar mellom fem av kriminalomsorga sine regionar. Kapittel 3 drøftar forankring og føresetnader for å implementere tilbakeføringsgarantien. Kapittel 4 ser på rammevilkår for å implementere tilbakeføringsgarantien i tre fengsel. Kapittel 5 drøftar nokre utfordringar undersøkinga har avdekt.
Datagrunnlaget for rapporten er intervju med tilsette i ulike delar av kriminalomsorga, tilsette utanfor fengsla, som yter tenester til innsette og andre tilsette i det kommunale tenesteapparatet, og i tillegg gjennomgang av samarbeidsavtalar.
Oversikt over hovudfunn
- Rapporten fann ingen omtale av garantien, men i tildelingsbreva frå Helse- og omsorgsdepartementet til Helsedirektoratet og frå Arbeids- og inkluderingsdepartementet til Arbeids- og velferdsdirektoratet / NAV blir ei rekke aktivitetar som også omfattar innsette, omtalte.
- Garantien synest å vere godt forankra på sentralt og regionalt nivå i kriminalomsorga.
- Etatar som er forventa å samarbeide om tilbakeføringsgarantiane, er underlagde ulike lovverk, mål, økonomiske rammer og prioriteringar, noko som kan føre til manglande eller sviktande samarbeid.
- Det synest å vere lettare å implementere servicetorget i eit fengsel med lågare sikkerheitsnivå enn i fengsel med høgare sikkerheitsnivå.
- Det synest å ligge ei utfordring i å forankre ansvaret for tilbakeføringa hos nokre samarbeidspartnarar.