- Forfattar:
- S. Ytrehus, H. C. Sandlie og I. L. S. Hansen
- Publisert av:
- Fafo-rapport 2008:06
- Utgivingsår:
- 2008
- Oppdragsgivar:
- Husbanken
- Oppdragsutførar:
- Fafo og NOVA
Kort om publikasjonen
«Prosjekt bostedsløse» blei oppretta i år 2000 som eit fireårig, nasjonalt forsøksprosjekt med siktemål å utvikle metodar og modellar for arbeidet med å motverke og førebygge bustadløyse. Dei sju største byane og tre frivillige organisasjonar har deltatt i prosjektet. Måla var å utvikle bustad- og tenestemodellar for å avhjelpe og førebygge bustadløyse og vidare drive kunnskapsutvikling og erfaringsoverføring.
Evalueringa viser korleis tiltaka i prosjektet er ført vidare to år etter prosjektavslutning, og brukarane sine erfaringar med hjelpa dei har fått i regi av prosjektet. Evalueringa baserer seg på intervju med tilsette i kommunane og i dei frivillige organisasjonane, brukarar i prosjekta og opplysningar frå skjema der det er registrert korleis det har gått med brukarane.
Oversikt over hovudfunn
- Dei fleste av bustadtiltaka som blei etablerte i regi av prosjektet, er ført vidare to år etter prosjektslutt.
- Det har vore brei støtte til vidareføringa frå politisk hald i kommunane.
- Prosjektet har hatt ei sentral betyding for å sette bustadbehov blant rusmisbrukarar på dagsordenen i kommunane.
- Den mest markante og verknadsfulle endringa for det førebyggande arbeidet er større vekt på ambulerande tenester.
- Husbanken har hatt ei sentral rolle både i tilrettelegging og vidareføring av erfaringar.
- Deltaking i prosjektet har bidratt til ei betydelig betring av livskvalitet.
- Ei viktig framtidig utfordring for kommunane er knytt til moglegheitene for å kunne tilby ein differensiert bustadmasse som kan ta vare på brukarane sine ulike bustadbehov.