Omsorgsboliger for psykisk syke. Evaluering av Husbankens arbeid.

Forfattar:
E. Dyb og T. M. Myrvold
Publisert av:
NIBR-rapport: 2009:25
Utgivingsår:
2009
Oppdragsgivar:
Husbanken
Oppdragsutførar:
NIBR

Kort om publikasjonen

Hensikta med rapporten er å vurdere Husbanken sitt arbeid med opptrappingsplanen for psykisk helse. Rapporten hadde følgande hovudproblemstilling: Kan forhold ved Husbanken sitt arbeid og Husbanken sitt samarbeid med andre instansar forklare trekk ved implementeringa av omsorgsbustadbygginga innanfor opptrappingsplanen for psykisk helse?

Datagrunnlaget i prosjektet kjem frå tre kjelder: dokument, intervju og ei survey-undersøking til kommunane. Intervjuet blei gjennomført med representantar frå Husbanken sentralt og regionalt, rådgivarar hos eit utval fylkesmenn, representantar for KS og sentrale folk frå Mental helse og LPP.

Oversikt over hovudfunn

  • Kommunane har god erfaring med kontakten med Husbanken: Dei aller fleste kommunane karakteriserer kontakten som god eller svært god. Dei som har hatt mest kontakt med Husbanken, er også mest tilfreds med kontakten.
  • Dei fleste kommunane er tilfredse med Husbanken si finansieringsordning, regelverk og rettleiingsmateriell knytt til bygging av omsorgsbustader.
  • Rådgivarar hos Fylkesmannen deler Husbanken si oppfatning om at dei to aktørane samarbeidde svært godt om omsorgsbustadene i psykisk helse.
  • Blant kommunane i studien har nesten tre av fire bygd omsorgsbustader med middel frå opptrappingsplanen for psykisk helse.
  • Kommunane som ikkje har bygd omsorgsbustader innanfor opptrappingsplanen, seier at den klart viktigaste grunnen er at dei har tilstrekkeleg med bustader, og at alle i målgruppa har eigna bustad.
  • Få bustader er integrerte i den ordinære bustadmassen, dei fleste er bufellesskap og samlokaliserte bustader.
  • Kommunanes si evne og vilje til å skaffe bustader heng blant anna saman med tenestetilbodet til dei som skal busettast.
  • Det var lite kontakt mellom Husbanken og brukarorganisasjonane innan psykisk helse. Evalueringa ser dette i samanheng med Husbanken si avgrensa rolle i omsorgsbustadsatsinga for psykisk sjuke.

Lenke til meir informasjon

Les rapporten Omsorgsboliger for psykisk syke

Midlertidige endringer av praksis

Her i veiviseren har vi samlet all relevant informasjon og lenker fra direktoratene rundt tiltak og endringer av praksis knyttet til pandemien.

Denne informasjonen er samlet for deg som jobber på bolig- og tjenesteområdet.  

Vis informasjon