Økonomisk risiko og boligeiere

Forfattar:
K. C. Astrup og K. Aarland
Utgivingsår:
2013
Oppdragsutførar:
NIBR

Kort om publikasjonen

Prosjektet ser på kor risikoutsette husstandar i eigarsegmentet er, og verknadene av ein eventuell nedgangskonjunktur. Prosjektet ser også på ulike verkemiddel som dempar eller reduserer bustadrisiko, og vurderer kor eigna verkemidla er for å redusere betalingsproblem og tvangssal av bustad, særleg i eit scenario med auka arbeidsløyse.

Det er tre hovudproblemstillingar som blir diskuterte i rapporten:

  1. Gjennomgang av økonomiske og juridiske verkemiddel i kommune og stat som reduserer risikoen for bustadeigarar.
  2. Undersøking av kommunane og rettsapparatet si vurdering av korleis relevante avgjersler blir brukte til å motverke at personar mistar bustaden eller blir økonomisk bundne til bustaden grunna gjeldsproblem, og vurdering av kor eigna avgjerslene er til dette formålet.
  3. Analyse av risiko for bustad- og gjeldsproblem for personar i ulike risikoutsette situasjonar, og kva effekt relevante verkemiddel har for å dempe betalingsproblem og redusere faren for å miste bustaden.

Rapporten er basert på simulering av fiktive makroøkonomiske sjokk ved bruk av mikromodellar og mikrodata, kvalitative intervju i 7 kommunar (Oslo, Bergen, Hamar, Stavanger, Drammen, Fredrikstad og Malvik) og analysar av risiko for bustad- og gjeldsproblem, med utgangspunkt i berekninga av økonomisk margin for ulike grupper av husstandar.

Oversikt over hovudfunn

  • Det er fire hovudtrekk som går igjen i alle intervjua: For det første er det blant dei med alvorlege gjeldsproblem ikkje så mange som eig bustaden. For det andre er det blant bustadeigarane sjeldan bustadproblemet som er kjelda til gjeldsproblema. For det tredje er det slik at dei som har økonomiske problem, ventar for lenge med å søke hjelp. For det fjerde er startlånet ofte ei viktig kjelde til løysing for dei som eig bustaden.
  • Bustadeigarar med låge inntekter må rekne med at ein stor del av enten auka buutgifter eller tapte inntekter må dekkast av husstanden sjølv.
  • Ifølge levekårsanalysen er omfanget av husstandar som har negativ økonomisk margin samla sett 8 prosent.
  • Simulert arbeidsløysesjokk på levekårsdata viser, ved ei dobling av arbeidsløysa frå dagens nivå, at om lag 10 prosent av nye arbeidsledige bustadeigarar vil få negativ økonomisk margin.

Lenke til meir informasjon

Les rapporten Økonomisk risiko og boligeiere