Min bolig - Mitt hjem

Booppfølging av pasienter med dobbeldiagnose

Forfattar:
C. Frantzen og E. M. N. Karagøz
Publisert av:
Diakonhjemmet rapport 2011
Utgivingsår:
2011
Oppdragsgivar:
Støtte fra RKDD, Sykehuset Innlandet HF og fra Husbanken
Oppdragsutførar:
Diakonhjemmet sykehus, Vinderen DPS, TEDD og Stiftelsen Kirkens Bymisjon Oslo, ByBo

Kort om publikasjonen

Denne rapporten summerer opp erfaringar frå eit tre års arbeid i perioden 2008 – 2011 i prosjektet «Min bolig – mitt hjem». Rapporten beskriv moglegheiter og utfordringar i samarbeidet mellom spesialisthelsetenesta og bydelar i Oslo, omkring busetting av ti heimlause pasientar med dobbeldiagnose: alvorleg psykisk liding og samtidig ruslidingar.

Oversikt over hovudfunn

  • Av dei ti informantane var seks etablerte i eigen varig bustad (eigd eller leigd) ved prosjektet si avslutning. Av dei fire utan fast bustad hadde tre personar opphald i ulike bu- og rehabiliteringsinstitusjonar.
  • Prosjektet har identifisert fire kritiske hovudfaktorar: individ, bustad, hjelparane og rammene.
  • Informanten har ei samansett blanding av individuelle risikofaktorar: psykoselidingar, depresjon og skadar frå overdosar, avvik i åtferd og kognitive funksjonsnedsettingar.
  • I Oslo er det mangel på kommunale bustader. Vidare fell desse personane utanfor dei statlege og kommunale støtteordningane til å eige eigen bustad: startlån og bustadtilskot. Privat gjeld og bortfall av tenesteapparatet ved flytting er også faktorar.
  • Fleksibilitet synest å vere den viktigaste nøkkelen mellom pasient og hjelpar, mellom kollegaer og mellom tilsette og systemet dei er tilsette i.
  • Stabilitet og varigheit i busituasjonen kombinert med individuelt tilpassa oppfølging er nøklar til funksjonelle bustadløysingar.
  • Tett kontakt med spesialisthelsetenesta er ein føresetnad for at kommunen/bydelane skal lykkast i å busette personar med så lågt funksjonsnivå.

Lenke til meir informasjon

Les rapporten Min bolig - mitt hjem.