Meeting the needs of homeless people: Interprofessional work in Norway and Scotland

Forfattar:
I. Anderson, E. Dyb og S. Ytrehus
Utgivingsår:
2012
Oppdragsutførar:
NIBR, Diakonhjemmet University College, University of Stirling

Kort om publikasjonen

Rapporten er basert på pilotprosjektet: ”Meeting the needs of homeless people: Interprofessional work in Norway and Scotland”. Hovudtemaet i rapporten er på kva måtar samarbeid mellom hjelpeapparatet og velferdsprofesjonsutdanning bidrar til eit betre liv for bustadlause, og i tillegg bustadtematikken si rolle i tverrfagleg arbeid. Prosjektet er ein komparativ studie mellom Noreg og Skottland. Prosjektet er basert på ein litteraturgjennomgang, i tillegg til intervju med profesjonsutdanna i begge land.

Oversikt over hovudfunn

  • Vektlegginga av tverrfagleg samarbeid er i liten grad støtta av teori.
  • Det er meir substansiell forskingslitteratur på tverrfagleg samarbeid i helse- og sosialomsorgsfeltet enn i bustad- og bustadløysefeltet.
  • Data frå intervjua indikerer både fremmande og hemmande faktorar i integreringa av bustadtematikk i tverrfagleg arbeid og for effektiviteten av dette arbeidet.

Hovudmålsettinga med eit påfølgande hovudprosjekt er å utvikle kunnskap om modellar for tverrfagleg arbeid som også inkluderer bustadtematikk, for å kunne arbeide med og for personar med samansette behov.

Lenke til meir informasjon

Les rapporten Meeting the needs of homeless people: Interprofessional work in Norway and Scotland