Lytt til seniorene!

Forside rapport

Utprøving av medvirkningsmodeller for aldersvennlige lokalsamfunn

Forfattar:
Guri Mette Vestby, Ingar Brattbakk og Reidun Norvoll
Utgivingsår:
2017
Oppdragsgivar:
Helsedirektoratet
Oppdragsutførar:
NIBR/AFI

Kort om publikasjonen

Ny teknologi og gode metodar for medverknad kan gje meir aldersvenlege lokalsamfunn. Men det er viktig å sørgje for at alle eldre vert høyrt.

Prosjektet er knytt til regjeringa sin strategi for eit meir aldersvenleg samfunn, og korleis eldre kan bidra med sine ressursar gjennom medverknad. Dette kan gje kommunane eit betre kunnskapsgrunnlag for planlegging og utvikling til beste for den aukande gruppa funksjonsfriske eldre.

Prosjektet er både ei utprøving av metodar, verktøy og analyse. Metodane er prøvd ut blant grupper av eldre i Sarpsborg, Eidsskog kommune og på Sagene i Oslo. Gjennom bruk av ein kartbasert app – «Seniortråkk», stadsvandringar, spørjeskjema og modererte «seniorverkstader» har forskarane fått eldre i tale. Prosjektgruppa kom heller ikkje i kontakt med eldre innvandrarar fordi dei ikkje kjem til seniorsentra, frivilligsentralen, lag og foreiningar som forskarane samarbeidde med.

Oversikt over hovudfunn

  • Kvalitetar og moglegheiter i nærmiljøet får større meining for pensjonistar ved at dei brukar meir tid der enn folk som er i jobb.

  • Faktorar som dreg ned eldre si oppleving og aktiv bruk av nærmiljøet:
         
    • Dårleg trafikktryggleik
    • Fysiske hindringar
    • Få kvileplassar med benkar
    • Dårleg belysning som gjev utryggheit
    • Ei anna hindring kan vere at det manglar offentlege toalettmuligheiter langs turveger  og i parkområde.

  • Ei utfordring med omsyn til medverknad for å utforme aldersvenlege lokalsamfunn vil vere å nå mangfaldet i den eldre befolkninga.

  • Sjølv om alle deltakarane i prøveprosjektet var alderspensjonistar, såg dei ikkje på seg sjølve som eldre. Forskarane meiner difor det er viktig også å utvikle metodar for å innhente informasjon og verdifulle innspel frå det breie mangfaldet av den eldre befolkninga i dette arbeidet. Då bør også dei med redusert evne til å gå, svaksynte, høyrselshemma eller minoritetseldre med låge norskkunnskapar inkluderast.

  • Innspela dei eldre kjem med spenner vidt, og går difor ofte ut over både sektoransvar og forvaltningsnivå. Om desse metodane skal vere nyttige er det bruk for å etablere system og arenaer for kunnskaps- og erfaringsutveksling på tvers av sektorer.

Lenke til meir informasjon

Les heile rapporten her.