Lokale utviklingsverksteder

Samarbeid mellom kommune, frivilligheten og arbeidsgivere i møte med økt antall flyktninger 

Forfattar:
Agenda Kaupang
Utgivingsår:
2016
Oppdragsutførar:
Agenda Kaupang

Kort om publikasjonen

Temaet i rapporten er korleis frivillige og næringslivet kan koplast tettare på kommunane sitt arbeid med å busette, kvalifisere og integrere flyktningar. Gjennom lokale utviklingsverkstader blir det lagt til rette for at kommunen, frivillige og arbeidsgivarar mv. skal kunne sjå sine ansvarsområde opp mot kvarandre, identifisere hindringar og finne moglege løysingar i arbeidet med busetting og integrering av flyktningar.

Det er gjennomført utviklingsverkstader i tre pilotkommunar: Hamar, Tønsberg og Flora. I rapporten blir det presentert forslag til ein modell for korleis slike utviklingsverkstader kan gjennomførast.

Oversikt over hovudfunn

  • Frivillige er ein ressurs i integreringsarbeidet som nok ikkje blir utnytta i tilstrekkeleg grad.
  • Erfaringane frå pilotkommunane viser eit stort behov for felles møteplassar for frivillige, næringslivet og kommunane.
  • Kommunane har ikkje full oversikt over frivillig aktivitet i eigen kommune, noko som kan føre til at viktige ressursar og aktørar ikkje blir mobiliserte.
  • Mange frivillige organisasjonar har ikkje oversikt over kva andre gjer, noko som kan medføre at ein utviklar parallelle tiltak.
  • I pilotkommunane blei følgande tema avdekte som viktige gjennom verkstadene:
    • Det er behov for gode samhandlingsarenaer mellom frivillige, kommunar og næringslivet.
    • Integreringsfeltet blir opplevd som fragmentert, og det er behov for å gjere ansvars- og oppgåvefordelinga tydeleg.
    • Det er behov for å tilpasse verkemidla innan sysselsettings- og sosialområdet.
    • Det kan sjå ut som at det er lettare å få til gode tiltak for bebuarar i asylmottak når kommunen sjølv driftar mottaka.
    • For å lykkast med busettinga er det eit stort behov for burettleiing.
    • Ved sysselsetting er det behov for insentiv for bedriftene og reell oppfølging av flyktningane frå det offentlege si side.
    • Kortvarige praksisplasser for flyktningar i staden for varig arbeid er ei utfordring.
    • Det er manglande samordning når flyktningar sin bakgrunn og utdanning/kompetanse blir kartlagt, og manglande utnytting av denne utfordrar måloppnåinga.

Lenke til meir informasjon

Les rapporten Lokale utviklingsverksteder