Levekår i byer - Gode lokalsamfunn for alle

Forside NOU2020:16 Bilde av glade barn

NOU 2020:16

Utgivingsår:
2020
Oppdragsgivar:
Kunnskapsdepartementet og Kommunal- og moderniseringsdepartementet
Oppdragsutførar:
By- og levekårsutvalget

Kort om publikasjonen

By- og levekårsutvalet har gjort greie for levekårs- og integreringsutfordringar i område i og rundt dei store byane i Noreg. Utvalet foreslår strategiar og tiltak for å sikre at alle kan bu og vekse opp i trygge og inkluderande lokalsamfunn med gode butilhøve, gode oppvekstvilkår, gode levekår og gode føresetnader for integrering.

Utvalet har kartlagt kommunar med over 30 000 innbyggarar (før kommunesamanslåingane). Dette inkluderer område i 26 kommunar.

Oversikt over hovudfunn

Oppsummert om levekårsutsette område i Noreg:

  • Levekårsforskjellar mellom nabolag aukar noko, dette er tydelegast i Oslo-regionen.
  • Talet på områder med over 40% barn i låginntektsfamiliar er tredobla dei siste ti åra.
  • Det har vore nedgang i talet på område med høgt tal på menneske utan arbeid og utdanning.
  • Nokre område har omfattande utfordringar:
    • høg barnefattigdom og krevjande oppvekstvilkår
    • krevjande læringsmiljø ved nokre skular
  • Folk er stort sett nøgd med å bu i gode, velhaldne nabolag.

Samla bilete av analyseområda:

  • Det er store forskjellar mellom analyseområda.
  • Utviklinga har i stor grad følgt utviklinga elles i kommunen/landet.
  • Eit fåtal område har særskilte utfordringar og negativ utvikling.
  • Mange familiar med låge inntekter har innvandrarbakgrunn.

Utvalet sine vurderingar og viktigaste tilrådingar:

  • Utvalet støttar hovudlinjene i busettingspolitikken.
  • Forslag om nytt kriterium om at flyktningar ikkje bør verte busette i utsette område.
  • Utvalet tilrår å sjå nærmare på resultata frå ordninga med avtalt sjølvbusetting.
  1. Gi barn og unge i utsette område like moglegheiter
  2. Ein styrka og meir systematisk innsats i ordinære tenester
  3. Styrke omsynet til levekår i byutviklinga
  4. Tydelegare mål og ansvarsfordeling i områdesatsingar
  5. Leiing og samarbeid på tvers (– ei femte hovudtilråding som grip inn i dei fire strategiane nemnt over)

Lenke til meir informasjon

Les heile rapporten NOU 2020:16 Levekår i byer (pdf)

Lengre samandrag av publikasjonen

Del I av utgreiinga består av kapittel 1 og 2. I kapittel 1 beskriv utvalet korleis det forstår situasjonen og segregeringa, kva for konsekvensar segregering og sjølvforsterkande prosessar har, og kva for aktørar som kan påverke utviklinga. Utvalet presenterer så dei viktigaste vurderingane sine, hovudanbefalingar og tiltak. Kapittelet inneheld også ein kort omtale av konsekvensar av covid-19-pandemien. Kapittel 2 gir ein oversikt over utvalet sitt mandat og arbeid.

Del II av utgreiinga består av kapittel 3–7 og inneheld utvalet si beskriving av situasjonen.

Kapittel 3 beskriv sosioøkonomisk segregering og segregering etter innvandrarbakgrunn i byer i Noreg med vekt på Oslo. Situasjonen i Noreg vert samanlikna med nokre utvalde byar i andre land. Utvalet gjer greie for konsentrasjonen av levekårsutfordringar i norske byar, basert på analysar som utvalet har fått utført. Kapittelet avsluttar med ein omtale av tendensar til skule- og barnehagesegregering i einskilde byar i Noreg.

I kapittel 4 beskriv utvalet trekk ved arbeids- og bustadmarknadane som kan påverke ulikskap i levekår. Det er gjort greie for omfanget av hushaldingar med låg inntekt med vekt på barnefamiliar, og negative konsekvensar av å vekse opp i ein familie med låg inntekt. Kapittelet gir status på levekår i analyseområda på variablane arbeid, låg inntekt og trongbuddheit. Bustadprisar og andelen som eig og leiger bustad i desse områda vert også omtalt. Vidare kjem ei kort beskriving av sosiale helseforskjellar og særskilte helseutfordringar i utsette områder. Siste del omhandlar valdeltaking.

Kapittel 5 handlar om bu- og nærmiljøet i utsette områder. Kapittelet tek føre seg utfordringar med bu- og nærmiljøkvalitetar og sosiale relasjonar i utsette områder. Videre vert innbyggjarane sin trivsel, oppleving av nærmiljø og opplevd tryggleik skildra. Kapittelet omtalar også omfanget av fritidstilbod til barn og unge.

Barn, unge og oppvekst er tema i kapittel 6. Kapittelet beskriv betydinga av foreldre og familie som omsorgsgivarar i barna sitt liv, og gjer greie for situasjonen i barnehagen, skulen og skulefritidsordninga (SFO) i utsette områder. Vidare beskriv kapittelet barn og unge si deltaking i fritidsaktivitetar og barna si helse, sjølvbilde og framtidstru. Barn og unge sine møter med tenesteapparatet, og tenesteapparatet sitt møte med dei, er også omtalt. Kapittelet vert avslutta med å omtale barn og unge i utsette situasjonar og posisjonar. Her vert utviklingstrekk i ungdomsmiljø skildra. Vidare er unge sin bruk av rus, barn og unge som blir utsette for vald, og unge som er i risiko for å gjere kriminelle handlingar omtalt.

Kapittel 7 omhandlar kriminalitetsutviklinga. Kapittelet skildrar kriminalitetsbiletet i nokre utvalde byar og utsette område, med særskilt vekt på barne- og ungdomskriminaliteten. Vidare er det gjort greie for geografiske forskjellar i kriminalitet, bebuarane si oppleving  av kriminalitet i nærområdet og barn og unge si oppleving av tryggleik.

Del III  av utgreiinga består av kapittel 8-11. I denne delen drøftar utvalet moglege årsaker til og konsekvensar av segregering og opphoping av levekårsutfordringar, og beskriv ulike prosessar som kan verke sjølvforsterkande. Drøftinga av årsaker og konsekvensar byggjer i stor grad på internasjonal forsking.

Kapittel 8 beskriv korleis attraktiviteten til bustadområde ofte har historiske røter og har utvikla seg frå naturgitte omgjevnader. Kapittelet gjer så greie for korleis økonomiske forskjellar saman med kor attraktive bustadområda er, dannar eit grunnlag for segregering og bukonsentrasjon.

Kapittel 9 omtalar attraktiviteten til bustadområde, flytting og sjølvforsterkande prosessar. Vidare er bustadeige og samspel mellom utfordringar i nabolag med vekt på sosiale problem, fysisk forfall og kriminalitet handsama.

I kapittel 10 gjennomgår utvalet litteratur om konsekvensar av bukonsentrasjon for sosial mobilitet, samhold og tillit. Nabolagseffektar som gjeld utdanning, arbeid og kriminalitet, og konsekvensar av segregering mellom skular, er vektlagt. Siste del av kapittelet gir ein oversikt over teoriar om korleis tillit og samhold vert utvikla og haldt ved like i lokalsamfunn og i resten av samfunnet.

I kapittel 11 gir utvalet sine vurderingar av situasjonen i Noreg og av årsakene til og konsekvensane av bukonsentrasjon.

Del IV består av kapittel 12–19 og tek føre seg strategiar og tiltak. I denne delen vurderer utvalet politikk og relevante verkemiddel. Her tilrår utvalet endringar i strategiar og eksisterande verkemiddel og foreslår nye tiltak. Kapittel 12–18 er ein tematisk gjennomgang av ulike politikkområde. Kvart kapittel startar med ein faktadel og går deretter over i ein del med utvalet sine vurderingar og forslag til tiltak.

Kapittel 12 beskriv sentrale kjenneteikn ved den norske arbeids- og velferdsmodellen. Kapittelet omtalar arbeidsinkludering og næringsutvikling som verkemiddel for å styrke levekåra i utsette område, og kommunane sine økonomiske føresetnadar for å førebygge og kompensere for opphoping av levekårsutfordringar. Siste del av kapittelet beskriv nordiske strategiar mot segregering og utsette områder.

I kapittel 13 går utvalet igjennom verkemiddel innan barnehage, skule og SFO som kan bidra til å redusere sosiale og økonomiske forskjellar i samfunnet.  Kapittelet gir ein oversikt over tenester som rettar seg mot familiar og barna deira, for at dei skal få den hjelpa dei har behov for. Dette er skulehelsetenesta, helsestasjonane, andre førebyggjande tenester i kommunane, familievernkontora og barnevernet.

Kapittel 14 handlar om byutvikling og bustad. Kapittelet beskriv korleis arealplanlegging, investeringar i byutvikling og bustadsosiale verkemiddel kan bidra til å jamne ut geografiske skilnader i levekår, og bidra til gode bu- og nærmiljøkvalitetar i levekårsutsette områder.

Områdesatsing er tema for kapittel 15. Utvalet går igjennom grunngjevingar for, og innretningar av områdesatsingar. Kapittelet beskriv tidlegare og eksisterande områdesatsingar og erfaringar
med områdesatsingar både i Noreg og internasjonalt. Til sist samanfattar utvalet undersøkingar av områdesatsingane sine effektar på levekår, områdekvalitetar og arbeidsmetodar.

Kapittel 16 handlar om fritid, deltaking og lokalsamfunn. Kapittelet beskriv kort frivillige organisasjonar si rolle som lokalsamfunnsaktørar og som ein påverkar. Vidare vert verkemiddel på kultur- og fritidsfeltet og til frivilligheit gått igjennom. Kapittelet gir også ein oversikt over verkemiddel for å inkludere barn og unge, lokalt frivillig integreringsarbeid og god praksis for å auke deltakinga i lokalsamfunn.

Kapittel 17 gir ein oversikt over politikken for busetting av flyktningar og verknader av den. Kapittelet beskriv geografisk fordeling av flyktningar og resultat av integrering med vekt på sysselsetting.
Vidare er flytting blant flyktningar og korleis dette påverkar integreringa omtalt.

Kapittel 18 tek opp førebygging av kriminalitet. Her er først og fremst justissektoren sitt verkemiddel for å førebygge kriminalitet beskrive. Vekta er lagt på politiet sitt kriminalitetsførebyggande arbeid i større byar og byområde, særleg retta mot barne- og ungdomskriminalitet, men også mot vald mot barn og vald i nære relasjonar.

Dei økonomiske og administrative konsekvensane av utvalet sitt forslag vert presentert i kapittel 19. Samfunnsøkonomiske nytteeffektar er omtalt, med vekt på nabolagseffektar, psykisk helse og livskvalitet, tillit og samhold.

Til slutt vert økonomiske og administrative konsekvensar av dei enkelttiltaka som utvalet foreslår, kort omtalt.