Kunnskapsoppsummering om enslige mindreårige asylsøkere og flyktninger

Rapporten gir ei oppdatert oversikt over forskinga om einslege mindreårige asylsøkjarar og flyktningar i perioden 2007-2017. Kunnskapen handlar om: lovgiving og ansvarsfordeling, mottak og asylprosess, levekår og psykisk helse, bu- og omsorgsløysingar, skuletilbod etter busetting og overgang til vaksenlivet. I tillegg peikar rapporten på område der kunnskapen er mangelfull eller utilstrekkeleg.

Forfattar:
S. Svendsen, B. Berg, V. Paulsen, M. Garvik og M. Valenta
Publisert av:
NTNU Samfunnsforskning
Utgivingsår:
2018
Oppdragsgivar:
IMDi
Oppdragsutførar:
NTNU Samfunnsforskning

Kort om publikasjonen

Rapporten gir ei oppdatert oversikt over forskinga om einslege mindreårige asylsøkjarar og flyktningar i perioden 2007-2017. Kunnskapen handlar om: lovgiving og ansvarsfordeling, mottak og asylprosess, levekår og psykisk helse, bu- og omsorgsløysingar, skuletilbod etter busetting og overgang til vaksenlivet. I tillegg peikar rapporten på område der kunnskapen er mangelfull eller utilstrekkeleg.

Oversikt over hovudfunn

• Det er ein overrepresentasjon av posttraumatisk stresslidingar blant einslege mindreårige asylsøkjarar og flyktningar
• Einslege mindreårige som forsvinn frå mottak, er sårbare for å bli involvert i menneskehandel, kriminalitet og prostitusjon. Etter 2015 har talet på forsvinningar auka, noko som vert sett i samanheng med at fleire får vedtak om midlertidig opphald fram til dei fyller 18 år.
• Etter busetting, får mange einslege mindreårige eit skuletilbod i regi av vaksenopplæringa. Mange av dei einslege mindreårige gir uttrykk for at dei saknar ein arena der dei kan bli kjent med norsk ungdom.
• Det er store variasjonar i tilbodet einslege mindreårige får i kommunane, særleg når det gjeld ettervern og overgang til vaksenlivet. Få kommunar tilbyr ettervernstiltak lenger enn til 20-årsdagen.
• Registerdata viser at einslege mindreårige flyktningar - etter nokre år med butid - i nokså stor grad er i arbeid eller utdanning. Blant dei som kom frå Afghanistan i 2009 og 2010, var heile 90 prosent i arbeid eller utdanning fire år etter.
• Registerdata viser at det er ein langt høgare prosentdel med vedvarande låginntekt blant einslege mindreårige flyktningar enn i befolkninga generelt.
• Dei einslege mindreårige sine eigne stemmer er lite hørt i forskinga. I tillegg er det lite kunnskap mellom anna om overgang til vaksenlivet, skuletilbod til dei som kjem etter skulepliktig alder og korleis endringar i rammevilkåra påverkar arbeidet med og tilbodet til einslege mindreårige.

Lenke til meir informasjon

Kunnskapsoppsummering om enslige mindreårige asylsøkere og flyktninger