Kommunenes planlegging og tiltak for en aldrende befolkning

Forfattar:
Marit K. Helgesen og Katharina Herlofson
Publisert av:
NIBR-rapport 2017:16
Utgivingsår:
2017
Oppdragsgivar:
Helsedirektoratet
Oppdragsutførar:
By- og regionforskningsinstituttet NIBR, NOVA

Kort om publikasjonen

Denne rapporten handlar om korleis norske kommunar førebur seg på dei demografiske endringane som følgje av den tydelege forventninga om ein auke i andelen og talet på eldre over 67 år i Noreg. Rapporten er basert på resultat frå prosjektet «Kommunenes planlegging og tiltak for en aldrende befolkning». I prosjektet vart det sendt ut ei surveyundersøking til alle kommunar i Noreg, gjort dokumentstudiar av planar og intervju i fem kommunar. Prosjektet vart gjennomført av NIBR og NOVA på oppdrag frå Helsedirektoratet.

Hovudobservasjonane er at mange kommunar opplever befolkningsaldring som ei hovudutfordring. Av  kommunane som har ein kommunedelplan for folkehelse, er det få som omtalar tiltak retta mot endringar i eldrebefolkninga.

Oversikt over hovudfunn

  • Alt i alt tyder resultata frå prosjektet på at mange kommunar er noko tvitydige når det gjeld å førebu seg på auken i andelen og talet på eldre.
  • Det kan virke som at den demografiske utviklinga først og fremst vert sett på som ei viktig sak for pleie- og omsorgssektoren og at den i mindre grad vert vurdert som ei folkehelseutfordring.
  • Dette kan sjå ut til å hemme det tverrsektorielle samarbeidet i utforminga av planar, tiltak og evaluering på området.
  • Av kommunane som svarte på surveyundersøkinga i prosjektet, oppgir to tredelar at aldringa av befolkninga vert opplevd som ei hovudutfordring.
  • Auka behov for pleie- og omsorgstenester og at det vil verte fleire personar med demens vert opplevt som hovudutfordringa.
  • Majoriteten av kommunane i utvalet (81 prosent) oppgir at planverket inkluderer konkrete tiltak for ei aldrande befolkning.
  • Mange kommunar er opptatt av at eldre skal kunne bu heime så lenge som mogleg. Fleire stader vert det gjennomført forebyggande heimebesøk.
  • Det er etablert ei rekke samarbeidsrelasjonar i og mellom kommunar og mellom kommunar og andre aktørar. Når det gjeld eldre og aldring ser det ikkje ut til at dreier seg om samstyring, men i hovudsak handlar det om spørsmål knytt til pleie og omsorg og ulike aktivitetstilbod.
  • Utvikling av kommunale strategiar for samarbeid med frivillige aktørar ser ut til å vere ein aukande tendens.
  • I intervjua vert det peika på at samarbeid knytt til velferdsteknologi er utfordrande.

Lengre samandrag av publikasjonen

Det er forventa ein stor auke i andel og talet på eldre over 67 år i Noreg. For små kommunar i mindre sentrale strøk vil auken vere spesielt kraftig. I nokre av desse kommunane er  det forventa at eldre vil utgjere ein tredel av befolkninga i 2030. Også i større byar og kommunar i sentrale område er talet på eldre forventa å auke dei neste åra. Nokre stader i mindre grad, andre stader opp mot 60%

Utfordringer

At aldringa av befolkninga vert opplevt som ei hovudutfordring, varierer korkje med kommunestorleik eller med kor stor andelen eldre vert forventa å bli i åra framover. Det som mange kommunar først og fremst ser på som utfordrande, er auka behov for pleie- og omsorgstenester og at det vil bli fleire personar med demens. I enkelte kommunar ser vi at uroa også vert knytt til at unge flyttar ut for å studere eller arbeide, utan at dei kjem tilbake.

Tiltak
Fleire kommunar peikar på at det vert laga befolkningsframskrivingar. Dei fleste kommunane i utvalet omtalar befolkningsaldring i sitt kommunale planverk. Majoriteten oppgir at planverket inkluderer konkrete tiltak for ei aldrande befolkning. Eksempel er ei heilskapleg utvikling av helse- og omsorgstenester og styrking av heimetenestene, som omkring 70-80 prosent svarar at vert omtala.Halvparten av kommunane svarar at dei har ein kommunedelplan for folkehelse, men det verkar som at planen i liten grad vert nytta til å omtale tiltak retta mot endringar i eldrebefolkninga. Slike tiltak er som regel heller ikkje ein del av det systematiske folkehelsearbeidet. Dette treng likevel ikkje tyde på at tiltak ikkje er iverksett.

Å bu heime
I tillegg til førebyggande heimebesøk, blant anna med merksemd på bustad og tilpassing av denne, er andre tiltak kvardagsrehabilitering, fallførebygging og bruk av velferdsteknologi. Tre fjerdedelar av kommunane svarar at dei har tatt i bruk ny teknologi som gjer det enklare å bu heime. Det dreiar seg som oftast om tradisjonell teknologi som tryggleiksalarm. For fleire kommunar ser det ut til at velferdsteknologi framleis er på innføringsstadiet.

Samarbeid
Det er etablert ei rekkje samarbeidsrelasjonar i og mellom kommunar og mellom kommunar og andre aktørar, men når det gjeld området eldre og aldring ser det ikkje ut til at dreiar seg om samstyring. Av intervjua går det fram at det interkommunale samarbeidet i hovudsak handlar om spørsmål knytt til pleie og omsorg, men også om ulike aktivitetstilbod.

Det kan sjå ut som at det er en dreiing på gang – frå et meir ad-hoc basert samarbeid til ei utvikling av kommunale strategiar for samarbeid med frivillig sektor. Over halvparten av kommunane oppgir at det er iverksett frivillig arbeid som inkluderer eldre.

Kommunane sitt samarbeid med representantar for dei eldre skjer først og fremst gjennom eldreråda. Nesten alle kommunar oppgir at eldrerådet vert involvert i kommunale planar og avgjerder. Intervjua viser at det vert samarbeidd med UoH-sektoren, men dette samarbeidet vert ikkje omtala i nemneverdig grad i planverket. Kommunane sitt samarbeid med private aktørar dreier seg særleg om bustadmarknaden. Samarbeid knytt til velferdsteknologi vert peika på som utfordrande – både når det gjeld kommunane sin kompetanse, dei ulike teknologiane sin standard og korleis desse kommuniserer med utstyr som kommunane allereie har.

Avslutning

Alt i alt tyder resultata frå dette prosjektet på at mange kommunar er noko tvitydige når det gjeld å førebu seg på auken i andelen og talet på eldre. Det kan verke som at den demografiske utviklinga først og fremst vert rekna som ei viktig sak for pleie- og omsorgssektoren og at den i mindre grad vert vurdert som ei folkehelseutfordring. Dette kan sjå ut til å hemme det tverrsektorielle samarbeidet i utforminga av planar, tiltak og evaluering på området.

Les heile rapporten