Kommunale leieboeres boligkarrierer 2001-2005

Forfattar:
L. Gulbrandsen og T. Hansen
Publisert av:
NOVA rapport 4/10
Utgivingsår:
2010
Oppdragsgivar:
Husbanken
Oppdragsutførar:
SINTEF Byggforsk og NOVA

Kort om publikasjonen

Innanfor samarbeidsavtalen frå 2003 mellom Byggforsk, NOVA og Husbanken var eitt av forskingstemaa «Vanskeligstilte på boligmarkedet». Denne rapporten utgjer eit av prosjekta som blei sett i gang i samband med dette. Hensikta med prosjektet var å få betre kunnskap om korleis det kommunale bustadtilbodet fungerer for vanskelegstilte på bustadmarknaden.

Undersøkinga er i all hovudsak gjennomført ved statistiske analysar baserte på den (då) nyoppretta bustadregisterdatabasen (Gulbrandsen og Hansen 2007).

Oversikt over hovudfunn

  • Kommunal bustad skal tildelast vanskelegstilte på bustadmarknaden, og undersøkinga bekreftar at leigebuarane høyrer til låginntektsgruppa. Ein stor del består av personar som er fødde i utlandet, og av desse har mange barn.
  • Ei følge av at det er mange eldre leigebuarar, og at tildeling til desse ofte er basert på behov grunna dårleg helse, er at dei kommunale leigebuarane har høg dødelegheit, noko som også bekreftar at det er ei utsett gruppe.
  • Ein betydeleg del av leigebuarane har kort butid i dei kommunale bustadene, særleg gjeld dette dei yngre leigebuarane. Her fungerer dei kommunale bustadene i stor grad som gjennomgangsbustader.
  • Fleirtalet blir likevel bufaste over lang tid, inntil dei døyr eller flyttar over i annan leigd bustad. Familiar med mange barn høyrer til denne gruppa.
  • Ein del av flyttinga skjer ut av kommunen. Spesielt gjeld det Nord-Noreg og utanlandsfødde i dei kommunale bustadene i den nordlige landsdelen.
  • Kommunal bustad som mellombels tilbod fungerer for dei som i utgangspunktet har gode ressursar.
  • Mange av funna og konklusjonane i prosjektet er baserte på usikkerheit grunna manglar ved dataa. Dersom desse manglane ikkje i betydeleg grad blir retta, vil dette vere ei stor utfordring for den neste folke- og bustadteljinga.

Lenke til meir informasjon

Les heile rapporten om kommunale leigebuarar sine bustadkarrierar.