Kartlegging blant norske kommuner om organisering av boligsosialt arbeid.

Forfattar:
Rambøll Management
Utgivingsår:
2008
Oppdragsgivar:
Husbanken Midt-Norge
Oppdragsutførar:
Rambøll Management

Kort om publikasjonen

Dette er sluttrapporten for ei kartlegging av kommunane sitt bustadsosiale arbeid. Formålet med undersøkinga er å gi Husbanken og andre interessentar ei oversikt over kommunane si organisering av det bustadsosiale arbeidet.

Kartlegginga bygger på ei breiddeundersøking som har gått ut til alle norske kommunar, i tillegg til dei 15 bydelane i Oslo. Fokuset i undersøkinga har vore på å identifisere faktorar av betyding for korleis kommunane har valt å organisere sitt bustadsosiale arbeid. Kartlegginga blei gjennomført mellom desember 2007 og mars 2008.

Oversikt over hovudfunn

  • Det er i stor grad sosialkontoret som har ansvar for behovsvurdering og tildeling av Husbanken sine individretta økonomiske bustadsosiale verkemiddel.
  • Det er ein sterk, positiv samanheng mellom kommunestørrelse og talet på årsverk som blir nytta på ulike oppgåver.
  • Respondentane opplyser at det i stor grad er faglege grunngivingar for kva som er best for brukarane, men også korleis dei tilsette sin fagkompetanse ligg til grunn for organiseringa av det bustadsosiale arbeidet.
  • Det er regionale variasjonar i organiseringa av det bustadsosiale arbeidet. Variasjonane går både på kva for etatar som har ansvar for ulike oppgåver og tenester, kor systematisk ein arbeider i det bustadsosiale arbeidet, og korleis NAV-reforma ser ut til å påverke inntektene i dette feltet.

Lenke til meir informasjon

Les heile sluttrapporten om organisering av det bustadsosiale arbeidet.