Husleielovens varslingsregel

Forfattar:
A. Holm
Publisert av:
NIBR-rapport: 2013:7
Utgivingsår:
2013
Oppdragsgivar:
Kommunal- og regionaldepartementet
Oppdragsutførar:
NIBR

Kort om publikasjonen

Rapporten er ei evaluering av husleigelova §9-11, som gir utleigar moglegheit til å varsle sosialtenesta når det er grunnlag for å krevje utkasting frå husrommet. Hensikta med avgjersla var å bidra til færre utkastingar. I evalueringa drøftar ein både utleigarar sin kjennskap til avgjersla og i tillegg kva for varslingsrutinar som er etablerte hos ulike grupper utleigarar. Evalueringa drøftar også oppfølginga av slike varslingar hos sosialtenesta/Nav-sosial, og i kva grad ordninga har bidratt til å redusere talet på utkastingar.

Oversikt over hovudfunn

  • Varslingsregelen i husleigelova er lite kjent i utleigemarknaden. Mest kjent er føresegna blant dei kommunale bustadbedriftene. Blant dei private utleigarane er det berre to av ni blant dei større profesjonelle som kjenner til moglegheita til å varsle.
  • Mange private utleigarar hevdar dessutan at dei ikkje er komfortable med, eller at det er unaturlig, å varsle Nav eller sosialtenesta ved misleghald.
  • Det er først og fremst dei kommunale bustadbedriftene eller tilsvarande som varslar Nav-kontora. Berre ein av ni blant dei større, private utleigarane varslar.
  • Det er store variasjonar i kva for rutinar Nav-kontora har etablert når det gjeld å følge opp dei sakene dei blir varsla om.
  • Jo tettare og fastare rutinar Nav-kontoret har rundt oppfølging av varslingssakene, jo fleire saker løyser seg, og jo færre ender med utkasting.
  • Det er ikkje mogleg å finne konkrete data på om varsling har resultert i nedgang i talet på utkastingar.
  • Varsling av Nav-kontoret eller sosialtenesta så tidleg som mogleg der det har skjedd misleghald i eit leigeforhold, har klare effektar på talet på utkastingar.

Lenke til meir informasjon

Les heile rapporten om husleigelova sin varslingsregel.