Housing policy in the Nordic countries

and its implication for the housing of immigrants

Forfattar:
H. Skifter Andersen
Utgivingsår:
2012
Oppdragsutførar:
SBi/Statens Byggeforskningsinstitut/Danish Building Research Institute

Kort om publikasjonen

Rapporten er skriven i samband med NODES-prosjektet (Nordic Welfare states and the dynamics and effects of ethnic residential segregation). Rapporten bygger på ein komparativ analyse av implikasjonane av bustadpolitikken for innvandrarar i dei nordiske landa, og er delvis basert på NODES-rapporten «Immigration, Housing and Segregation in the Nordic Welfare States» (Andersson et al. 2010).

Oversikt over hovudfunn

  • Bustadsituasjonen for innvandrarar varierer mellom dei nordiske landa. Dette heng i stor grad saman med forskjellar i bustadmarknadene og bustadpolitikken som har forma desse marknadene.
  • Det er store forskjellar mellom landa i innvandrarane si fordeling på bustadmarknaden.
  • Den norske konteksten viser at ein mangel på tilstrekkeleg med leigebustader kan «presse» innvandrarar til å bli bustadeigarar, noko som kan vere ønskeleg.
  • Ulempa er likevel at dette fører til at mange innvandrarar bur svært trongt.
  • Mangelen på leigebustader fører til eit høgt press på leigemarknaden. Dette opnar opp for høge leigeprisar og for diskriminering.
  • Ein stor sosial/offentleg bustadsektor legg til rette for gode bustadmoglegheiter for innvandrarar, men kan også føre til bustadsegregering.

Lenke til meir informasjon

Les heile rapporten «Housing policy in the Nordic countries».

Midlertidige endringer av praksis

Her i veiviseren har vi samlet all relevant informasjon og lenker fra direktoratene rundt tiltak og endringer av praksis knyttet til pandemien.

Denne informasjonen er samlet for deg som jobber på bolig- og tjenesteområdet.  

Vis informasjon