Housing First – muligheter og hindringer for implementering i Norge.

Forfattar:
Rambøll
Publisert av:
Sluttrapport
Utgivingsår:
2012
Oppdragsgivar:
Husbanken
Oppdragsutførar:
Rambøll

Kort om publikasjonen

Housing first er ein omfattande modell for busetting av bustadlause. Formålet med rapporten er å avdekke moglegheiter og hindringar for å implementere ein Housing first-modell i buoppfølginga av bustadlause i Noreg.

I prosjektet har Rambøll lagt vekt på Tsemberi sin modell utvikla i «Pathways to housing», der brukarmedverknad i val av bustad og oppfølgingsteneste står sentralt.

Rapporten bygger på litteraturstudiar, kvalitative intervju, casestudiar og to workshopar.

Oversikt over hovudfunn

  • Den organisatoriske utfordringa som ligg i fragmentering og mangel på dialog, både i og utanfor kommunar, bør vurderast mot dei moglegheitene som finst ved å implementere Housing first.
  • Først og fremst bør implementeringa forankrast i nasjonale velferdsdirektorat og tilhøyrande departement.
  • Ei moglegheit i kommunane for å sikre koordineringa av buoppfølginga til kvar enkelt bustadlaus er å nytte Individuell Plan (IP).
  • Vidare er det viktig at kommunane stiller med dedikert personell som med dekkande fullmakter utøver ei heilskapleg, tilpassa og recoveryorientert buoppfølging overfor den enkelte innbyggaren.
  • I samband med Housing first blir samhandlingsreforma vurdert samla sett som ein mogleg styrke. I den kompetansekrevjande metodikken som Housing first bygger på, bør det samarbeidast tett med spesialisthelsetenesta om for eksempel kompetanseoverføring.

Lenke til meir informasjon

Sjå heile rapporten om Housing first frå Rambøll.