Helhetlig boligplanlegging - hvilke elementer inngår?

Forfattar:
Rolf Barlindhaug, Marit Ekne Ruud og Ragnhild Skogheim
Publisert av:
NIBR-rapport 2015:21
Utgivingsår:
2015
Oppdragsgivar:
Husbanken
Oppdragsutførar:
NIBR

Kort om publikasjonen

I første fase av prosjektet, dokumentert gjennom denne rapporten, er omgrepet heilskapleg bustadplanlegging drøfta med tanke på kva slags element som bør inngå i omgrepet. Rapporten ser også på i kva grad bustadsosiale og kvalitetsmessige omsyn er gjort i planlegginga. Det er planlegging av nye bustader og buområde som er i fokus.

I samarbeid med Husbanken vart ni kommunar med eit breitt spekter av omsyn i si bustadplanlegging valde ut. Dette var Asker, Tromsø, Bodø, Hamarøy, Larvik, Molde, Sandnes, Kristiansand og Lørenskog. Rapporten trekk fram spekteret av verkemiddel kommunane kan nytte og faktisk nyttar for å ta vare på bustadsosiale og kvalitetsmessige omsyn i bustadplanlegginga.

Oversikt over hovudfunn

  • Kommunen sine verkemiddel kan delast inn i fire grupper; 1) kommunen som planmyndigheit, 2) kommunen som grunneigar 3) bruk av statlege låne- og støtteordningar og 4) kommunal ressursbruk/subsidiering. Som grunneigar kan kommunen oppnå meir enn ved dei avgrensingane plan- og bygningsloven gir som planmyndigheit.
  • Bustadsosiale planar er ikkje lovpålagt. Mange bustadsosiale planar er ikkje forankra i dei overordna planane, fleire av dei nye «heilskaplege» planane får dette inn. Ulempa ved å utarbeide ein gjennomføringsplan i etterkant av kommuneplanens arealdel er at nye element i gjennomføringsplanen ikkje kan verte forankra juridisk i arealplanen.
  • Felles for alle kommunane er at berekraft- og folkehelse-dimensjonen synest å ha vorte godt tatt hand om i plandokumenta, etter krav frå nasjonale styringsdokument. Dette viser seg gjennom konsentrert utbygging og fortetting rundt knutepunkt. 
  • Høghus og sterk utnytting av tomteareal kjem likevel ofte i konflikt med andre mål knytt til sosial berekraft og folkehelse. Blant anna kan tilknyting til bakkenivå for barn verte dårleg.
  • Bygging av attraktive sjønære bustader kan kome i konflikt med ynskje om utsyn mot sjøen frå anna busetnad og frå havnefronten, og redusere kvaliteten på forbindelsen mellom ein by sitt sentrum og sjøen.
  • Fleire større kommunar er bekymra over eit høgt leigeprisnivå i den private leigemarknaden, men manglar ofte verkemiddel, anna enn å sørge for tilstrekkeleg tilrettelegging for nye bustader generelt.
  • Plan- og bygningsloven vert brukt for å styre talet på bustader, størrelse og standard på bustadene. Men fortetting kan gje einsidig folkesetnad. Ei løysing som ein kommune vil prøve ut, er å byggje «townhouse» i blokkene sine første etasjar med eigen inngang og privat hageareal tilpassa familiar med born.
  • Dei fleste kommunane har normer og mål knytt til utomhusareal som egner seg for leik, tilgang til grøntområde og tilrettelegging for møteplassar.
  • Bustadsosiale omsyn vert først og fremst teke vare på gjennom å tilby mange nok kommunalt disponerte bustader.
  • Fleire kommunar vurderer å bruke plan- og bygningslovens moglegheit for utbyggingsavtalar. Private aktørar kan også verte engasjerte til å bygge nye utleigebustader.
  • Det kan verte tilrettelagt slik at funksjonshemma kan få kjøpe nye bustader i eit ordinært bustadprosjekt, ved at kommunen bruker reglane om utbyggingsavtalar i plan- og bygningsloven.
  • Når kommunen står som grunneigar kan den ved sal av tomtegrunn legge inn klausuler knytt til ulike målsettingar kommunen har. I Sandnes-modellen bruker kommunen grunneigarolla til å skaffe sjølveigde bustader til under marknadspris.
  • Dei overordna planane inneheld målsettingar som er relevante for nye bustadprosjekt og bustadområder i kommunen. Det vil likevel først vere i dei meir konkrete områdeplanane og detaljreguleringsplanane at eventuelle målkonfliktar og divergerande omsyn når det gjelder dei elementa som er inkludert i ei heilskapleg bustadplanlegging. Det vil derfor vere av interesse å sjå korleis slike vurderingar slår ut i konkrete bustadprosjekt og nye bustadområder.

Lenke til meir informasjon

Last ned heile rapporten.