Hele mennesker - delte tjenester

Utenforskap blant unge i utsatte boområder

Forfattar:
Marianne Takvam Kindt, Anne Hege Strand
Publisert av:
FAFO - FAFO rapport 2020:12
Utgivingsår:
2020
Oppdragsgivar:
IMDi
Oppdragsutførar:
FAFO

Kort om publikasjonen

FAFO har undersøkt korleis ungdommar i utsette buområde sjølv opplever og definerer eigne behov, og korleis dette fell saman med tenenesteapparatet si forståing og tilbod til dei unge. Mykje heng saman, men det er fleire forskjellar som kan påverke om hjelpa vert opplevd som relevant.

Rapporten byggjer på undersøkingar i tre byområde i Oslo, Drammen og Bergen. Med utgangspunkt i unge sine erfaringar og behov, har FAFO undersøkt korleis ein betre kan førebyggje utanforskap blant unge som veks opp i såkalla utsette nabolag i norske storbyar. FAFO har også undersøkt kva tenestene meiner er dei unge sine behov, og korleis dei møter desse. Deretter har FAFO vurdert korleis dei unge sine sjølvdefinerte behov og hjelpeapparatet si forståing matchar.

Eit underliggjande premiss er at hjelpa frå tenesteapparatet må opplevast som relevant og meiningsfull av målgruppa for å ha ønska effekt. Eit eventuelt avvik mellom dei unge sine erfaringar og tenesteutøvarane si forståing av dei unge sine utfordringar, kan leggje grunnlaget for mistillit mellom «dei som skal hjelpast» og «hjelparane».

Dette er del 2 i prosjektet «Unge i utsatte boområder», gjennomført av Fafo på oppdrag frå IMDi.  Del 1 er ei kunnskapsoppsummering av forsking på årsaker til utanforskap blant unge i utsette buområde i Skandinavia.

Oversikt over hovudfunn

  • Dei unge opplever behova sine som enkle og grunnleggjande. Dei ønsker seg ein «normal» og meiningsfull kvardag, med ein skole der dei kan oppleve meistring og det å vere saman med vennar. Dei ønsker ein stad å vere etter skule og deltidsjobb.
  • Dei ønsker seg ein person eller ei teneste som kan sjå dei som heile menneske, og er «på laget deira».
  • Tenestene og dei unge har samanfallande oppfatning av at dei unge treng å oppleve meistring, tryggleik og tilhøyrsle.
  • Tenestene tolkar i større grad dei unge sine utfordringar i lys av levekårs- og fattigdomsproblematikk og legg vekt på at god hjelp til ungdommen inneber å forstå og støtte heile familien. Dei unge sjølv legg i mindre grad vekt på dette, og orienterer seg meir mot vennegjengen. Det kan opplevast sårbart å snakke om utfordringar i familien, men det kan også opplevast invaderande eller nedverdigande at tenestene ser etter «problem» innanfor familien.
  • Den viktigaste forskjellen mellom dei unge og de tilsette sitt perspektiv handlar nettopp om kor samansette problema til ungdommen vert forstått. Der dei unge opplever og ser på seg sjølve som einskaplege individ med beskjedne behov, tenderer dei tilsette i spesialiserte og sektoravgrensa tenester mot å «dele opp» dei unge sine problem.
  • Fleire i tenesteapparatet trekk fram behovet for tverretatleg samarbeid og utfordringar knytt til dette, som ei ramme for hjelpa dei kan tilby dei unge.

Lenke til meir informasjon

Les heile rapporten Hele mennesker - delte tjenester (pdf)

Lengre samandrag av publikasjonen

Det er ei aukande bekymring knytt til utanforskap blant unge som veks opp i såkalla utsette buområde. I denne rapporten er det nettopp utanforskap som vert studert, og det overordna temaet er korleis utanforskap kan førebyggast. Utanforskap vert forstått både objektivt, som manglande deltaking i samfunnet sine sentrale institusjonar, og subjektivt, som manglande tilhøyrsle. På oppdrag frå Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDi) er den overordna problemstillinga i denne rapporten:

Korleis samsvarer dei unge sine erfaringar og behov for tenester med hjelpeapparatet sitt tilbod til unge i utsette buområde i norske storbyar?

Denne problemstillinga er motivert utifrå vårt «nedanfrå og opp-perspektiv». Eit sentralt premiss i denne rapporten er at hjelpa frå tenesteapparatet må vere forankra i brukaranes oppleving av eigne behov for å kunne vere verksam og fungere førebyggjande. Denne analytiske premissen er grunnleggande for rapporten. Den første delen handlar om dei unge sine eigne perspektiv, den andre delen handlar om tenesteutøvarar sine perspektiv, og den tredje delen handlar om i kva grad desse perspektiva samsvarer. Ein hypotese som har ligge til grunn gjennom arbeidet med denne rapporten, har vore at i den grad det finst eit avvik mellom dei unge sine erfaringar og dei tilsette si forståing av unge sine utfordringar, vil dette avviket leggje grunnlaget for mistillit mellom «dei som skal hjelpast» og «hjelparane».

Analysane er basert på 20 intervju med ungdom mellom 16 og 20 år og 18 intervju med representantar frå skulen, fritidstilbod, politi og områdesatsinga. Alle ungdommane bur eller har vakse opp i høvesvis Fjell i Drammen, Furuset i Alna bydel i Oslo og Solheimsviken i bydel Solheim Nord i Bergen.

I den første delen, basert på intervjua med ungdom frå dei tre buområda, ser vi at dei unge si oppleving av eigne behov er grunnleggjande og relativt beskjedne. Dei ønskjer seg ein skule å gå til, eit fritidstilbod å delta på, vennar å vere med og aller helst å tene litt pengar. For eiga framtid ønskjer dei å bestå og fullføre vidaregåande opplæring og få seg ein jobb og ein eigen stad å bu. Her og no treng dei å oppleve ei form for meistring og tryggleik. For dei tyder ikkje meistring nødvendigvis å prestere godt fagleg, men å klare å få til skulen, kome tidsnok og å vere sosial i ei gruppe. Dei ønskjer seg ei meiningsfull fritid og det å vere med vennar. Oppsummert kan ein seie at dei unge ønskjer seg trening i livsmeistring. For å få til dette treng dei eit vaksent menneske som er på deira lag, som ein ungdomsarbeidar eller ein miljøarbeidar, men som samstundes kjenner tenestene så godt at dei veit akkurat kven dei skal kontakte dersom ein ungdom kjem til dei med eit problem dei treng hjelp med.

I den andre delen ser vi at dei tilsette i tenestene er opptatt av at ein god del av utfordringane til dei unge er knytt til problem som på ein eller anna måte heng saman med dei unge sine buforhald, levekår og heimeforhald. Dei ser med andre ord utfordringane i lys av ein levekårs- og fattigdomsproblematikk. Dei unge sine utfordringar vert tolka i lys av dårlege buforhald, foreldra sin innvandrarbakgrunn og manglande kulturforståing og foreldrane si manglande integrering i arbeidsliv og nærmiljø. Vidare meiner dei at sjølv om gjengane fleire av ungdommane høyrer til, tilbyr ei viktig form for tilhøyrsle, så kan dei også potensielt rekruttere til kriminell aktivitet. Der gruppa får ein negativ dynamikk, vil dei unge kunne verte for lojale mot sine vennar og trekkjast inn i blant anna kriminalitet i nabolaget. Tenestene peika også på nokre begrensingar dei meinte dei hadde når det gjaldt å kunne møte unge. Éi slik begrensing var knytt til tverretatleg samarbeid, ei anna var ressursar.

I den tredje delen vert det analysert korleis dei unge sitt perspektiv fell saman med tenestene sine perspektiv. Utgangspunktet for ei slik analyse av «matching» er at ved å studere korleis unge sine behov og tenester sin  respons ser ut til å samsvare, vil ein kunne finne den såkalla beste praksis – altså eksempla på kva tenestene gjer når dei unge føler seg høyrd og sett. I denne delen ser vi at tenestene er samde i dei unge si oppleving av at dei treng å oppleve meistring, tryggleik og tilhøyrsle. Det er likevel nokre aspekt tenesterepresentantar legg større vekt på enn ungdommane sjølve. Desse har vi kalla eit «familieperspektiv» og et «gjengperspektiv». Den viktigaste «mismatchen» mellom dei unge og tenesteaktørane sitt perspektiv er at der dei unge ser på seg sjølve som einskaplege individ, ser tenesteaktørane på dei som individ med gjenstridige eller samansette utfordringar. Difor legg dei unge sjølve vekt på at det dei treng, er ein person som ser dei som eit heilt menneske. Dette ønsket vert ikkje alltid oppfylt, og tenestene ser ikkje alltid kor viktig det vert opplevd for dei unge at dette behovet blir dekkja. Fordi tenesteapparatet per definisjon er spesialisert, vil dei unge ofte oppleve å møte eit delt tenesteapparat der hjelp ikkje alltid kjennes relevant.

Sagt på ein anna måte meiner dei unge at dei treng ei koordinerande eining som hjelper dei som eit heilt menneske. Dette er utfordrande for tenesterepresentantane, fordi ingen av representantane frå tenesteapparatet vi har intervjua, tek eit slikt institusjonalisert heilskapsperspektiv.