Globalisering og boligpolitikk. Noen utviklingstrekk.

Forfattar:
M. Indset, K. Johannesen og S. Søholt
Publisert av:
NIBR-rapport 2011:18
Utgivingsår:
2011
Oppdragsgivar:
Kommunal- og regionaldepartementet og Miljøverndepartementet
Oppdragsutførar:
NIBR

Kort om publikasjonen

Rapporten inneheld tre separate bidrag som på kvar sin måte drøftar nye problemstillingar innanfor bustadfeltet som følger av EU-politikk og global migrasjon. Bidraga belyser korleis desse prosessane påverkar den nasjonale og kommunale bustadpolitikken og praksisar i marknaden.

Del 1 "Norsk boligpolitikk og EU" kartlegg korleis EU sin politikk blir knytt til nasjonal bustadpolitikk gjennom aktivitetar innan sosialpolitikken, konkurransepolitikken, miljøpolitikken og regionalpolitikken (dokumentanalyse).

Del 2 "Nye arbeidsinnvandrere i boligmarkedet" diskuterer vilkår for arbeidsinnvandrarar sitt opphaldsgrunnlag og eventuelle rettar og moglegheiter til bustadsosial hjelp (kunnskapsoversikt).

Del 3 "Immigranter og dobbeltbosetting" tar utgangspunkt i innvandrarbefolkninga sine eigne bustadpraksisar (refleksjonsnotat).

Oversikt over hovudfunn

Del 1:

Nasjonal bustadpolitikk blir påverka av regelverk og arbeid i EU både gjennom EU sin økonomiske politikk, sosialpolitikk og miljøpolitikken.
Skisserer sentrale problemstillingar og utfordringar:

  • Korleis legge til rette for ei betre samhandling mellom involverte myndigheiter og aktørar for å få ei meir hensiktsmessig utnytting av regelverket og politikken?
  • Kva blir gjort for å fremme miljø- og klimavennleg bustadbygging på kommunalt nivå i Noreg?
  • Behov for å gå djupare i det sosialpolitiske arbeidet i regi av EU

Del 2:

Nye arbeidsinnvandrar sine moglegheiter i bustadmarknaden er i stor grad avhengig av situasjonen deira i arbeidsmarknaden og den intenderte varigheten av opphaldet deira.

Førebels finst det avgrensa, systematisk kunnskap om arbeidsinnvandrarane sin bustadsituasjon.

Bistand og verkemiddel er i stor grad utvikla med utgangspunkt i vanskelegstilte grupper som er etablerte i Noreg. Det har vore mindre merksemd om den særlege situasjonen til arbeidsinnvandrarar som kjem til Noreg som del av EU sin frie flyt av personar (arbeid) og tenester.

Del 3:

Relasjonen mellom bustad i Norge og i opphavsland er lite studert.

Forsking vil vere relevant for å få meir systematisk kunnskap om og korleis ekstrabustader i opphavsland, tredje land eller i Noreg påverkar den enkelte (individ, familie) sin økonomiske og sosiale integrasjon.

Lenke til meir informasjon

Les heile NIBR-rapporten om globalisering og bustadpolitikk.

Midlertidige endringer av praksis

Her i veiviseren har vi samlet all relevant informasjon og lenker fra direktoratene rundt tiltak og endringer av praksis knyttet til pandemien.

Denne informasjonen er samlet for deg som jobber på bolig- og tjenesteområdet.  

Vis informasjon