Fragmentert og koordinert: Organisering av boligsosialt arbeid i norske kommuner.

Forfattar:
Å. Langsether, T. Hansen og J. Sørvoll
Publisert av:
NOVA-rapport 18/2008
Utgivingsår:
2008
Oppdragsgivar:
Husbanken
Oppdragsutførar:
NOVA

Kort om publikasjonen

I rapporten blir det sett lys på organiseringa av det bustadsosiale arbeidet i kommunane. Eksisterande kunnskap om dette er fragmentert og gjeld berre enkelte kommunar og/eller enkelte verkemiddel. Innføringa av NAV aktualiserer behovet for meir kunnskap. I tillegg til å kartlegge korleis dette arbeidet er organisert, blir det stilt spørsmål ved om kva for faktorar som er bestemmande for valet av organisasjonsmodell, kva for konsekvensar valet av ulike måtar å organisere dette arbeidet på kan ha, og kva for betyding innføringa av NAV har.

Rapporten er basert på ein kvalitativ studie av organiseringa av det bustadsosiale arbeidet i 22 kommunar, i tillegg til bustadsosiale handlingsplanar, ei større spørjeundersøking og anna aktuelt kjeldemateriale frå kommunane.

Oversikt over hovudfunn

  • Kommunane organiserer det bustadsosiale arbeidet svært forskjellig. Nesten ingen kommunar er heilt like, og det er vanskeleg å påvise tydelege modellar for organiseringa.
  • Vurdering av behov, fastsetting av ressursrammer og retningslinjer for bruken av bustadsosiale verkemiddel varierer også mykje frå kommune til kommune.
  • Det synest som om mange kommunar har funne fram til sin måte å gjere dette på, litt tilfeldig.
  • Fragmentert organisering saman med svak samordning fører til lite heilskapleg og urasjonell bruk av verkemidla, med negative konsekvensar både for kommunane og den enkelte brukaren.
  • Løysinga på utfordringa om betre samordning av verkemiddelbruken har snarare bestått i å opprette særlege organ. Gjennom slike organ synest koordineringa av tiltak retta mot den individuelle søkaren/brukaren ofte å vere godt tatt hand om.

Lenke til meir informasjon

Sjå heile rapporten frå NOVA.