Fra bostedsløs til egen bolig

Delevaluering av tilskudd til oppfølgingstjenester

Forfattar:
S. Ytrehus, H. C. Sandlie og A. Skårberg
Publisert av:
Fafo-rapport 2007:07
Utgivingsår:
2007
Oppdragsgivar:
Sosial- og helsedirektoratet
Oppdragsutførar:
Fafo og NOVA

Kort om publikasjonen

Dette er den første av fire delevalueringar av ei statleg tilskotsordning til bustadsosialt arbeid, tilskot til oppfølgingstenester til bustadlause i kommunane. Tilskotet skal bidra til å styrke og utvikle oppfølgingstenester til bustadlause.

Denne rapporten ser primært på bruken og forankringa av tilskotet i kommunane, og baserer seg på resultata frå ei spørjeskjemaundersøking til alle kommunar som fekk tilskot frå ordninga frå 2003 til og med 2005.

Oversikt over hovudfunn

  • Resultata tyder på at både Sosial- og helsedirektoratet og fylkesmennene har bidratt positivt i kommunane sitt arbeid. Sjølv om kommunane er positive til hjelpa og rettleiinga frå direktoratet, tyder tal som viser kven som bruker ordninga, på at direktoratet og fylkesmennene ikkje i vesentleg grad påverkar til auka bruk av ordninga.
  • Kommunane har fokus på brukarmedverknad i tiltaka sine, og generelt sett ser det ut til at brukarmedverknad blir praktisert forholdsvis likt i dei ulike kommunane.

Lenke til meir informasjon

Les heile evalueringa frå FAFO.