Fra boligsosialt kompetansetilskudd til Husbankens kommuneprogram

forside

- systematisering av kunnskap og læring

Forfattar:
Hege Hellvik, Marit C. Synnevåg og Kjersti Ryen Strømnes
Utgivingsår:
2016
Oppdragsgivar:
Husbanken
Oppdragsutførar:
Rambøll og Mcs:consult

Kort om publikasjonen

I denne rapporten greier Rambøll og msc:consult ut om systematisering av kunnskap og læring med utgangspunkt i bustadsosialt kompetansetilskot (post 78).

Oppdraget har hatt ein todelt tematikk.

  1. Den første delen handlar om å gjennomføre ei systematisering og ein analyse av kunnskap og erfaringar frå program, prosjekt og tiltak som har motteke bustadsosialt kompetansetilskot.
  2. Den andre delen handlar om å bidra til ei systematisk kunnskapsutvikling og læring i Husbanken. Etter at tilskuddsordninga vart kraftig redusert ved inngangen til 2016, vart denne delen av oppdraget i staden kobla opp mot Husbanken sitt arbeid med kommunesatsinga.

Oversikt over hovudfunn

Dei gjennomgåande funna i oppdraget viser at det er behov for at Husbanken utviklar ei meir systematisk tilnærming til korleis dei jobbar med kunnskapsutvikling og læring. Funna viser også at Husbanken er dyktige på nokre felt, medan dei har forbetringspotensial på andre. Eit særleg gjentakande felt som vert framheva er arbeidet med kommunesektoren dei siste åra, som vitnar om at Husbanken er veldig dyktig og anerkjend på bortebane gjennom bruk av ulike former for relasjonsbygging og prosessar, seminar, arenaar, konferansar, nettverk og ikkje minst gjensidig, forpliktande samarbeid med kommunesektoren.

Utifrå rapporten kan følgjande trekkast fram:

Kva gjer Husbanken bra i dag?

Eksternt: 

  • Direkte dialog og gjensidig samarbeid med kommunesektoren som sikrar brukarerfaringane
  • nkludering av andre velferdsaktørar på regionalt og nasjonalt nivå
  • Lokalt nærvær i heile landet gjennom seks regionkontor
  • Mykje satsing på digitale verktøy dei siste åra, både gjennom husbanken.no og veiviseren.no

Internt:

  • Vidareutvikle bustadsosialt fagnettverk (har potensial for å skape meir systematikk i og kultur for kunnskapsdeling på tvers av kontora)

Kvar ligg forbetringspotensialet?

Eksternt:

  • Styrke det systematiske og langsiktige grepet om kunnskapsutvikling og læring
  • Utvikle ei verktøykasse alle kan bruke
  • Auke relevansen, bruken og overføringsverdien av FoU internt og eksternt mot samarbeidspartnarar
  • Betre strukturelle verktøy for å sikre betre styring ved rapportering

Internt: 

  • Sette kunnskapsutvikling og læring på agendaen – sette av tid, tilrettelegge for organisatoriske og prosessuelle grep
  • Skape gode delingsarenaar 
  • Tydelegare bestillingar og definerte ansvar/mandat internt

Lenke til meir informasjon

Les hele rapporten.