Fortetting og folkehelse

Kva for folkehelsekonsekvensar har den kompakte byen

Forfattar:
Marianne Millstein og Hege Hofstad
Utgivingsår:
2017
Oppdragsgivar:
Oslo: By- og regionforskningsinstituttet NIBR, Høgskolen i Oslo og Akershus

Kort om publikasjonen

Formålet med rapporten har vore å sjå på kva som ligg føre av studiar om dei miljømessige, økonomiske og sosiale konsekvensane fortetting kan ha i eit folkehelseperspektiv.

Oversikt over hovudfunn

  • Fortetting er i rapporten definert som «all byggevirksomhet innenfor dagens utbygde områder som fører til høyere eller mer effektiv arealutnyttelse (St.mld. 31 92-93, jf. Schmidt 2014).
  • Eksisterande forsking gir ikkje nokon eintydige svar på samanhengen mellom fortetting og folkehelse. Fortetting kan ha både ha positive og negative konsekvensar på folkehelse, også samtidig, samstundes som det er ulike oppfatningar av kva som er «for» tett.
  • Vurdering av konsekvensar på folkehelsa må vidare sjåast i kontekst. Gjeld det bustadnivå (lys, innsyn, støy mv.)? Gjeld det nærmiljønivå (avstand til større grøntareal og møteplassar, nærbutikk mv.)? Gjeld det bynivå (vurdere om fortetting éin stad kan skape ulemper ein annan stad i byen)?
  • Det er tre hovudspørsmål i rapporten: 1) Korleis påverkar fortetting sosiale helseforskjellar? Korleis påverkar fortettinga nærmiljøkvalitetar som er viktige for folk si helse og trivsel, fysisk og sosialt? 2) Korleis påverkar fortetting ytre miljøfaktorar som kan påverke helsa? 3) Desse spørsmåla kan i hovudsak svarast på med både moglegheiter og utfordringar for folkehelsa.
  • Eitt hovudfunn er samtidig at økologiske og økonomiske omsyn i større grad er institusjonaliserte i planlegginga av kompakt byutvikling, enn sosiale berekraftdimensjonar. Sosial ulikskap er lite vektlagt i fortettingsprosessar. Fortetting kan blant anna auke kostnadsnivået og redusere moglegheita til å skaffe bustad til ein anstendig pris. 

Lenke til meir informasjon

Les rapporten fortetting og folkehelse

Lenke til medieoppslag om rapporten

Midlertidige endringer av praksis

Her i veiviseren har vi samlet all relevant informasjon og lenker fra direktoratene rundt tiltak og endringer av praksis knyttet til pandemien.

Denne informasjonen er samlet for deg som jobber på bolig- og tjenesteområdet.  

Vis informasjon