Fortett med vett

Eksempler fra fire norske byer

Forfattar:
Jon Guttu og Lene Schmidt
Utgivingsår:
2008
Oppdragsgivar:
Miljøverndepartementet. Prosjekteier: Husbanken Region vest
Oppdragsutførar:
NIBR

Kort om publikasjonen

I eksempelsamlinga vert resultata frå ei undersøking av uteromma i 27 nye by-bustadprosjekt i Trondheim, Bergen, Stavanger og Kristiansand presentert.   

Kun tre eksempel som kan kategoriserast som førebilete vart funne. I eksempelsamlinga er desse tre prosjekta presenterte, saman med gode og dårlege løysingar frå alle bustadprosjekta. For å vurdere kva som er gode og dårlege uterom vart det utarbeidd ei sjekkliste basert på tilgjengeleg kunnskap om bruk av uterom og generelle mål om gode bustadar og bumiljø. Det vart lagt til grunn at nye by-bustadar også skal vere eigna for barnefamiliar.

Eksempelsamlinga er meint å fungere som rettleiar for prosjekterande, utbyggarar, fagfolk og folkevalde i kommunar  og fylkeskommunar.

Oversikt over hovudfunn

Det vert bygd mange by-bustadprosjekt med tronge og dårlege uterom. Dette råkar alle bebuarar, men framom alt barn og eldre som har liten rørslefridom. Den dårlege kvaliteten kan tilbakeførast til prioriteringar og val gjennom heile byggeprosessen, der alle aktørane har eit ansvar.

Tre problem er gjennomgåande:

  • Tilknytinga til byen er i liten grad teke omsyn til
  • For høg tettleik og mangel på areal
  • Detaljutforming av uteromma er for dårleg

Lenke til meir informasjon

Les heile rapporten "Fortett med vett - Eksempler fra fire norske byer"

Midlertidige endringer av praksis

Her i veiviseren har vi samlet all relevant informasjon og lenker fra direktoratene rundt tiltak og endringer av praksis knyttet til pandemien.

Denne informasjonen er samlet for deg som jobber på bolig- og tjenesteområdet.  

Vis informasjon