Evaluering av tilskudd til tilpasning

Forfattar:
Proba samfunnsanalyse
Publisert av:
Proba-rapport 2014 – 14
Utgivingsår:
2014
Oppdragsgivar:
Husbanken
Oppdragsutførar:
Proba samfunnsanalyse

Kort om publikasjonen

Tilskot til tilpassing er eitt av fleire virkemiddel som Husbanken har for å nå det bustadsosiale målet om å auke busettinga av vanskelegstilte på bustadmarknaden. Bakgrunnen for denne evalueringsrapporten er at det har vore ein nedgang i bruken av tilskotsordninga, og at nær halvparten av dei løyvde midla ikkje blei tatt i bruk i 2012.

Spesielt punkt 4.2 ”Modell for boligtilpasning – organisering” er relevant for tilpassing av bustad.

Evalueringa er basert på dokumentgjennomgang og analyse av Husbanken sine register over talet på saker i perioden 2005–2013. I tillegg er det gjennomført casestudiar av 8 utvalde kommunar. Vidare er det gjennomført intervju med Husbanken, Hjelpemiddelsentralen, Funksjonshemma sin fellesorganisasjon og i tillegg intervju med tilsette i svenske Boverket og Malmø kommune.

Oversikt over hovudfunn

  • Underforbruket er relatert til at svært mange av kommunane ikkje tilbyr tilskotet til sine innbyggarar, og små kommunar er overrepresenterte blant desse.
  • Førstelinja sin kunnskap om ordninga er mangelfull mange stader, og kommunane evnar derfor ikkje å fange opp potensielle brukarar.
  • Ei god forvaltning av ordninga ser ut til å vere relatert til eit godt samarbeid mellom relevante instansar i kommunen.
  • Nye retningslinjer er ikkje fullt ut implementerte i kommunane.
  • Det er eit stort potensial for gevinst ved bruk av tilskotet.
  • Ei endring i retning av den svenske modellen som er basert på rettar, vil bidra til auka bruk.

Lenke til meir informasjon

Les heile rapporten Evaluering av tilskudd til tilpasning