Et velfungerende leiemarked?

 Profesjonell utleie og offentlig-privat samarbeid

Forfattar:
J. Sørvoll og H. C. Sandlie
Publisert av:
NOVA
Utgivingsår:
2014
Oppdragsgivar:
Husbanken
Oppdragsutførar:
Nova

Kort om publikasjonen

Formålet med dette prosjektet har vore å bidra til betre kunnskap om kva som ligg til grunn for ein velfungerande leigemarknad, og å drøfte korleis staten og kommunane eventuelt kan legge til rette for dette. Prosjektet har hatt to overordna problemstillingar: Kva for vilkår må oppfyllast for at vi kan snakke om ein «velfungerande leigemarknad», og korleis kan staten og kommunane legge til rette for fleire leigebustader? Analysane har vore organiserte i tre ulike arbeidspakkar, og resultata frå desse analysane er tatt opp i tre separate artiklar eller arbeidsnotat:

  1. «Profesjonell utleie i dagens leiemarked» (Sandlie 2014)
  2. «Staten, kommunene, private og leiemarkedet: Et større og mer profesjonelt leiemarked i norske byer?» (Sørvoll 2014)
  3. «Et velfungerende leiemarked – er det mulig å revitalisere leiemarkedet innen rammen av dagens boligpolitikk?» (Sandlie og Sørvoll 2014).

Oversikt over hovudfunn

Artikkel 1

Ønsket om ei revitalisering av leigemarknaden og auka profesjonell utleige handlar ikkje berre om eit ønske om eit større og meir føreseieleg utleigetilbod for folk flest, men også om eit behov for å avlaste kommunane for investeringar og drift av kommunalt tildelte bustader.

Artikkel 2

Artikkelen sin konklusjon er at det er hensiktsmessig for stat og kommune å gjere mindre justeringar – i tråd med verkemidla nemnde ovanfor – viss målet er å fremme offentleg–privat samarbeid og auka profesjonell drift på leigemarknaden. På den andre sida er det truleg nødvendig med større strukturreformer – som for eksempel ei skattereform – viss målet er å fremme offentleg–privat samarbeid og profesjonalisering i stor skala.

Artikkel 3

Artikkelen konkluderer med at staten kan fremme eit auka volum av profesjonelt drifta utleigebustader både gjennom mindre justeringar og ei meir omfattande skattereform. Spesielt det siste vil det likevel vere vanskeleg å få gjennomslag for politisk i eit land der eigarbustaden og bustadeigarane står sterkt.

Lenke til meir informasjon

Last ned rapporten Et velfungerende leiemarked?