Et trygt sted å bo. Og noe mer

Evaluering av botilbudet til unge som bryter med familien på grunn av tvangsekteskap

Forfattar:
A. Bredal og J. Orupabo
Utgivingsår:
2008
Oppdragsgivar:
Barne- og likestillingsdepartementet
Oppdragsutførar:
Institutt for samfunnsforskning

Kort om publikasjonen

Rapporten er ei utgreiing og evaluering av det eksisterande bu- og støttetilbodet til ungdom over 18 år som blir utsette for eller trua med tvangsekteskap. Det er identifisert tre typar tilbod: krisesentera, bukollektivet og krisebustadene. Desse er vidare utgangspunkt for rapporten.

Fokus i rapporten er på organisering, innhald og kvalitet med sikte på forbetringar og utviding av butilbodet som heilskap. Innan denne ramma er det eit særleg fokus på korleis sikkerheita er tatt vare på i bustadene, kva slags oppfølging brukarane får mens dei bur i bustaden og etter at dei flyttar ut, i tillegg til korleis oppfølgingsarbeidet er organisert.

Rapporten er basert på eit avgrensa arkivmateriale og kvalitative intervju med representantar for diverse instansar: Husbanken, departement og kommunar, politiet, tolv krisesenter, Bokollektivet, Oslo Røde Kors og Selvhjelp for innvandrere og flyktninger (SEIF), og i tillegg enkelte andre ressurspersonar.

Oversikt over hovudfunn

  • Fleirtalet målgruppa for butilbodet er unge mellom 18–25 år. Dei fleste er heterofile kvinner.
  • Det er stadig særleg vanskeleg å finne akutt bustad til unge menn, og det er generelt for liten fokus på dei spesifikke problema til unge menn.
  • Sikkerheit bør i større grad bli eit tema for debatt, erfaringsutveksling og metodeutvikling på tvers av dei involverte aktørane.
  • Ein bør i større grad jobbe mot presisjon og profesjonalitet i omtalen og handteringa av sikkerheitsmessige forhold, med særleg vekt på trusselvurderingar.
  • Bu- og støttetilbodet bør styrkast og utvidast i volum. Ein bør både opprette fleire plassar og tenke sambruk med andre grupper. I tillegg må det ordinære tilbodet til unge i ein vanskeleg livssituasjon tilpassast denne målgruppa.
  • Det er ulike syn på arbeidsdelinga mellom det offentlige hjelpeapparatet og frivillige organisasjonar når det gjeld hjelpa til unge som blir utsette for tvangsekteskap.
  • Kommunane har gått langt i å overlate ansvaret for krisebustadtilbodet til to frivillige organisasjonar.

Lenke til meir informasjon

Last ned rapporten Et trygt sted å bo.Og noe mer

Midlertidige endringer av praksis

Her i veiviseren har vi samlet all relevant informasjon og lenker fra direktoratene rundt tiltak og endringer av praksis knyttet til pandemien.

Denne informasjonen er samlet for deg som jobber på bolig- og tjenesteområdet.  

Vis informasjon