Et godt bad forlenger livet (i egen bolig)

forside rapport

Fysiske hindre i boliger - og tiltak for å fjerne dem

Forfattar:
Tyra Ekhaugen, Inger Lande Bjerkmann, Eilin Ekeland og Mari Brekke Holden
Publisert av:
Vista Analyse og Agenda Kaupang, rapport 2018/24
Utgivingsår:
2018
Oppdragsgivar:
Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Kort om publikasjonen

For fyrste gong er det innhenta systematisk informasjon om korleis heimetenesta ser på bustadene våre. Rapporten har samla inn erfaringar basert på besøk til om lag 4400 bustader. Dei tilsette i heimetenesta har gjeve opplysningar om hinder og moglege tiltak i over 1100 bustader.

Oversikt over hovudfunn

  • Om lag 35 prosent av bustadene heimetenesta besøker har fysiske hinder med betyding for ressursbruken i pleie- og omsorgstenestene. For om lag 90 prosent av desse bustadene finnast det tiltak som kunne gjort brukaren meir sjølvhjelpen, redusert behovet for heimeteneste og/eller utsett flytting til omsorgsbustad eller sjukeheim.
  • Dette betyr at utbetring av fysiske hinder i private bustader kan gi redusert ressursbruk for pleie- og omsorgstenestene i 30 prosent av dei bustadene heimetenesta besøker.
  • Potensialet for innsparing er størst for tiltak som reduserer fallrisiko, og tiltak som kan utsette behov for flytting frå noverande bustad.
  • Dei største problema er knytt til badet og det å få dusja. I 45 prosent av bustadene i utvalet er det vanskeleg for brukaren å kome seg inn og ut av bustaden. I 30 prosent av bustadene er det eit problem å kome til, eller forflytte seg på soverommet.
  • Tiltak som gjer brukaren meir sjølvhjelpen kan gje økt livskvalitet for den enkelte brukar og deira pårørande.
  • Tiltak kan gje ressursinnsparingar for heimetenesta først og fremst ved at dei kan kome sjeldnare på besøk, men også fordi at det betrar arbeidssituasjonen for heimetenesta.

Lenke til meir informasjon

Les heile rapporten.