Er smått alltid godt i demensomsorgen?

Er smått alltid godt i demensomsorgen
Forfattar:
Karin Høyland, Øyvind Kirkevold, Ruth Woods, Gørill Haugan
Utgivingsår:
2015
Oppdragsgivar:
KS
Oppdragsutførar:
SINTEF Fag

Kort om publikasjonen

Talet på eldre med demens aukar. Korleis kan kommunane organisere framtidas bustader slik at vi får gode og kostnadseffektive omsorgstilbod til denne vaksande gruppa? Det som vert bygd av bustader og institusjonar i dag vil gje føringar for lang tid framover, så vi må byggje berekraftige løysingar.

Rapporten skisserar 11 framtidsretta og gode modellar for demensomsorg i kommunane, der personsentrert omsorg står i sentrum.

Oversikt over hovudfunn

  • Vi må gjere det mogleg å verte buande i sitt eige nærmiljø så lenge som mogleg.

  • Ein sjukeheimsplass kan i dag grovt koste ca. 1 mill. kroner årleg. Om ein bebuar kan bu i eit tilbod lågare ned på «omsorgstrappa», for eksempel eit halvt år lengre, så vil dette utgjere store beløp for kommunen. Rapporten skisserer ulike typar tiltak som kan påverke kostnader og institusjonsbehov.
     
  • Dei fysiske omgivnadene er viktige, men ein må sjå på både tenester, fysiske omgivnader og ny teknologi i samanheng.

  • Det er sentralt å involvere brukarane sjølve og deira pårørande for å få kvalitet i tilboda for personer med demens. 

  • Å kunne bo i små grupper er godt for personer med langt framskriden demens. Eit av dei viktigaste tiltaka for å få meir personsentrert omsorg, er å organisere tilbodet i små oversiktlege bugrupper, der det er tilknytt færre og faste personar som lærer bebuarane å kjenne.

  • Små grupper kan samlokaliserast både med tanke på tenestene om natta og ut i frå eit kvardagsliv der ein kan kome ut og delta på andre arenaer og aktiviteter.

  • Samtidig seier rapporten at å organisere ulike butilbod under ei leiing og organisatorisk eining, er tiltak fleire kommunar har hausta gode erfaringar med. Slik kan det gi variasjon i ulike typer tilbod, og gi individa fleire val. Dette er også tiltak som kan bidra til meir kostnadsoptimale løysingar.

  • Den største utfordringa er at ulike etatar vel å begrense perspektivet til sitt eige. Arbeidstilsynet, Mattilsynet og Husbanken har alle viktige perspektiv å ta omsyn til, men nytenkjing krev at alle må søkje å sjå heilheita.

Lenke til meir informasjon

Les heile rapporten her.