Endring på egne premisser

Nettverksråd som metode i boligsosialt arbeid

Forfattar:
L.Dalby og B. Løfsnæs
Utgivingsår:
2008
Oppdragsgivar:
Husbanken
Oppdragsutførar:
Høgskolen i Sør-Trøndelag

Kort om publikasjonen

Rapporten er eit resultat av prosjektet «Nettverksarbeid som metode i boligsosialt arbeid». Målsettingane med prosjektet var:

  1. Gjennom kompetanseoppbygging og metodeutvikling både i praksisfeltet og i helse- og sosialarbeidarutdanninga skulle prosjektet bidra til at vanskelegstilte på bustadmarknaden fekk ein meir stabil busituasjon.
  2. Prosjektet skulle prøve ut modellar for å betre brukarinnverknaden innan feltet bustadsosialt arbeid.

Spesifikk valde forfattarane å prøve ut metoden nettverksråd. Til saman blei det i prøveperioden gjennomført 9 slike nettverksråd.

Datamaterialet til rapporten bygger på møte med ulike einingar i perioden novemember 2006 til juni 2008. I tillegg blei det gjennomført to erfaringsmøte der fagpersonar som ønskte å prøve, eller som hadde gjennomført nettverksråd, møttest for å utveksle og drøfte erfaringar. Utover dette blei det gjennomført kvalitative intervju med 6 av hovudpersonane (dei som rådet var meint å hjelpe), 8 nettverksdeltakarar (familie/venner) og 8 fagpersonar.

Oversikt over hovudfunn

  • Mange av hovudpersonane var opptatte av kontakten med dei som betyr noko for dei og forholdet til dei. Sjølv om dei fleste hadde eigen bustad, er det forhold utanfor sjølve bustaden som er utfordrande og som bidrar til ein utrygg og vanskeleg busituasjon.
  • Hovudpersonane opplevde sjølve at nettverksrådet hadde stor betyding for dei, men på ulikt vis. Noko har endra seg; noko har blitt betre. Dei spørsmåla/utfordringane dei ønskte å ta opp på nettverksrådet, såg dei konkrete resultat av.
  • Dei inviterte hadde positive opplevingar med nettverksrådet.
  • Fagpersonane opplevde at dette var ein ny måte å jobbe på. I sitt daglege arbeid opplevde dei at dei ikkje hadde så mykje tid til å bruke på eit samarbeid med nettverket. Fleire uttrykte også at dei trudde at dei ikkje ville greie å motivere så mange til å komme på møtet som koordinatoren gjorde.
  • Nettverksråd som metode i bustadsosialt arbeid ser ut til å vere eit nyttig verktøy, om så meir longitudinelle studiar er nødvendige for å sjå om dei positive effektane varte ved.

Lenke til meir informasjon

Last ned rapporten Endring på egne premisser