Eieretablering blant hushold med lave inntekter

Sluttrapport til Husbanken for prosjektet Effekter av boligsosiale virkemidler på individnivå - fokus på eieretablering

Forfattar:
K. Aarland
Publisert av:
NOVA Notat 8/2012
Utgivingsår:
2012
Oppdragsgivar:
Husbanken
Oppdragsutførar:
Nova

Kort om publikasjonen

Frå Husbanken si side og frå politisk hald har det vore stor interesse for å utforske kva moglegheiter som ligg i ein meir ekspansiv bruk av dei bustadsosiale verkemidla for å fremme eigaretablering. Ei grunnleggande problemstilling er kor mange av dagens leigetakarar som faktisk kan eige viss alle får tilgang til startlånfinansiering til beste vilkår, og viss dei som kvalifiserer, i tillegg mottar bustøtte. Vidare undersøker rapporten om bustadeige blant låginntektshusstandar er ein betre strategi enn bustadleige, både for den enkelte og for samfunnet.

Notatet er organisert i seks kapittel, der det i kapittel to blir det undersøkt om leigetakarar som fekk bustøtte i byrjinga av høvesvis 2006, 2007, 2008 og 2009, i staden kunne ha blitt bustadeigarar. For dei som faktisk hadde hatt moglegheit til å eige bustad, blir det også undersøkt om dei ville ha klart å halde fram med å vere eigarar over tid, gitt inntektsutviklinga dei hadde i dei åra som følgde. I tillegg blir det også undersøkt om dei ville ha klart å halde fram med å vere eigarar over tid viss dei fekk høgare buutgifter.

I kapittel tre går ein gjennom mykje av det som har blitt skrive om låginntektseige i løpet av dei siste åra. Denne delen er igjen delt i to: finansielle konsekvensar av låginntektseige og sosiale fordelar som bustadeige kan ha.

I kapittel fire samanfattar ein erfaringane til tre kommunar og éin bydel i Oslo når det gjeld arbeidet med å etablere vanskelegstilte i eigd bustad.

I kapittel fem inkluderer ein ei simulering. Fokus i dette kapittelet er korleis samspelet mellom skatte- og bustøttereglar påverkar evna til å betene bustadlån.

I kapittel seks presenterer ein resultata frå ein forløpsanalyse for varigheit av bustadeige for husstandar som i perioden 2004–2006 kjøpte bustad med startlån og bustøtte.

Rapporten er basert på tal frå bustøtteregisteret for tre ulike kohortar av startlånmottakarar.

Oversikt over hovudfunn

Hovudkonklusjonane er organiserte etter kapittelet dei går fram i.

Kapittel to

23 prosent av leigebuarane i kvar kohort kunne ha blitt eigarar ved byrjinga av perioden ved høg kalkulasjonsrente (sju prosent), mens 29–37 prosent kunne ha eigd ved ei lågare kalkulasjonsrente (fire prosent. Ved høg kalkulasjonsrente er dei potensielle eigarane nesten i all hovudsak husstandar med éin person, mens også ein del einslege foreldre kan eige ved lågare kalkulasjonsrente. Dei aller fleste ville ha klart å halde fram med eigarskapet over tid til slutten av 2011. Finansieringsalternativet har stor betyding for låntakarane si moglegheit til å betene buutgiftene.

Kapittel tre

Litteraturen er dominert av amerikanske forhold, og ikkje alt har dermed like stor overføringsverdi til norske forhold. Låginntektseigarar som eig over tid, har betydelege finansielle fordelar av det. Det har vore forska mindre på kor berekraftig låginntektseige faktisk er.

Kapittel fire

Samlokalisering av tildeling av kommunale gjennomgangsbustader og Husbanken sine verkemiddel blei i alle intervjua framheva som ein viktig føresetnad for godt samarbeid mellom dei ulike delane av bustadtenesta.

Kapittel fem

Tommelfingerregelen om at ingen skal låne meir enn tre gonger bruttoinntekta, kan føre til at eigarpotensialet ikkje blir utnytta ettersom alle gruppene i simuleringar klarer ei betydeleg høgare lånebelastning. Skattereduksjonen svarer til 28 prosent av rentene, og treffer dårleg for personar med låge trygdeinntekter fordi dei i utgangspunktet har ei lita skattebelastning

Kapittel seks

Rundt 80 % av husstandane er estimerte til å halde fram med å vere eigarar til slutten av observasjonsperioden (5–7 år). Det er vanskeleg å relatere avgang til leige til observerbare karakteristika ved bustadeigarane eller låneforholdet. Dette blir forklart gjennom svakheiter i utval og variablar.

Lenke til meir informasjon

Last ned rapporten Eieretablering blant hushold med lave inntekter