Diskriminering av samer, nasjonale minoriteter og innvandrere i Norge. En kunnskapsgjennomgang.

Forfattar:
A.H. Midtbøen og L. Lidén
Publisert av:
ISF-rapport 2015:01
Utgivingsår:
2015
Oppdragsgivar:
Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet.
Oppdragsutførar:
Institutt for samfunnsforskning

Kort om publikasjonen

Rapporten er ein kunnskapsgjennomgang av eksisterande forsking på utfordringar knytte til likestilling og diskriminering som samar, nasjonale minoritetar og innvandrarar står overfor i Noreg. Rapporten ser på kva forsking seier – og ikkje seier – om kva for utfordringar samar, nasjonale minoritetar og innvandrarar møter i arbeidslivet, i skule- og utdanningssystemet, i bustadmarknaden – og i møte med det offentlege tenesteapparatet.

Oversikt over hovudfunn

  • Gjennomgangen av forskinga viser at diskriminering av innvandrarar skjer på dei fleste samfunnsområda.
  • Kvalitative undersøkingar har vist at samar står i fare for å møte ulike former for strukturell eller indirekte diskriminering i møte med det offentlege tenesteapparatet. Likevel manglar det forsking som systematisk undersøker om samar opplever diskriminering i for eksempel arbeidsmarknaden og bustadmarknaden.
  • Forsking på diskriminering av nasjonale minoritetar er nesten fråverande, dette gjeld også forsking på diskriminering på bustadmarknaden.

Lenke til meir informasjon

Les rapporten Diskriminering av samer, nasjonale minoriteter og innvandrere i Norge. En kunnskapsgjennomgang.