Evaluering av det nasjonale bo- og støttetilbud for ungdom utsatt for tvangsekteskap. Sluttrapport

Forfattar:
Rambøll
Publisert av:
Rambøll Desember 2011
Oppdragsgivar:
Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet
Oppdragsutførar:
Rambøll

Kort om publikasjonen

Det overordna målet med evalueringa er å gjere ei heilskapleg vurdering av dei sju butilboda. I dette ligg å utarbeide ei overordna beskriving av dei seks bu- og støttetilboda ut frå følgande to perspektiv: 1. Innhald og kvalitet 2. Etablering og drift. Det første perspektivet er retta mot målgruppa og deira behov, og det andre perspektivet omhandlar den overordna organiseringa av hjelpetilbodet.

Det er også gjennomført ei kvalitativ vurdering av butilboda. Evalueringa gir med dette som utgangspunkt kunnskap om i kva grad tilboda er tilpassa målgruppa sine behov for psykisk og sosial bistand og oppfølging, og gir også innsikt i korleis dei kommunale bu- og støttetilboda er organiserte, og om desse er hensiktsmessige for å møte behova til dei buande. Evalueringa har i tillegg ein formativ funksjon idet ho skal bidra til læring med tanke på vidareutvikling av tilbodet.

Det blei i evalueringa gjort vurderingar av kvaliteten i bu- og støttetilboda, meir spesifikt blei det sett på om tilboda er tilpassa brukarane sine behov, om tilboda er organiserte på ein hensiktsmessig måte og om ressursutnyttinga er effektiv.

Evalueringa av det nasjonale bu- og støttetilbodet blei i hovudsak basert på kvalitative data innhenta gjennom dokumentstudiar og kvalitative intervju med informantar i dei seks aktuelle kommunane.

Oversikt over hovudfunn

  • Sjølv om det i evalueringa ser ut til at alle busette får eit tilbod om psykisk helsehjelp dersom dei treng det, verkar det likevel som om terskelen for å få eit slikt tilbod er lågare i butilbod som har eit fast samarbeid med familievernkontoret.
  • Mange tilsette i bu- og støttetilboda strekker seg langt for å tilby eit tilstrekkeleg fleksibelt tilbod som kjem dei busette i møte ved behov.
  • Tilsette uttrykker uro over at dei som følger opp, ikkje har moglegheit til å jobbe tilstrekkeleg godt med å endre uheldige reaksjonsmønster, og at dette kan gjere det vanskelegare å hjelpe dei unge med å få etablert eit sjølvstendig liv etter utflytting.
  • Den praktiske tilrettelegginga for den enkelte, er dette arbeidet organisert ulikt og fordelt på ulike aktørar i dei ulike tilboda, men alt i alt ser det ut til at dette er ein del som blir godt dekt i alle tilboda.
  • Alle butilboda arbeider med å etablere ein indre tryggleik og forståing hos dei busette for korleis dei sjølve kan ta vare på eiga sikkerheit.
  • Evalueringa viser at alle prosjekta sit inne med sosialfagleg kompetanse. Men ingen av kommunane hadde erfaring med oppfølging av målgruppa frå før.

Lenke til meir informasjon

Last ned heile rapporten her.