Contextualising ethnic residential segregation in Norway: welfare, housing and integration policies

Forfattar:
S. Søholt og T. Wessel
Publisert av:
Immigrantion, Housing and Segregation in the Nordic Welfare State: Country report for Norway, 2010
Utgivingsår:
2012
Oppdragsgivar:
Finansieres av NORFACE’s Research Programme on Migration

Kort om publikasjonen

Studien er ein del av eit fireårig tverrfagleg komparativt forskingsprosjekt på nordiske velferdsstatar og effekten av bustadsegregering (NODES). Dei overordna forskingsspørsmåla er: Korleis formar nordiske velferdsstatar vilkåra for etnisk bustadsegregering og desegregering, og korleis påverkar segregeringsmønster og -prosessar større sosiale og romlege utviklingar i desse samfunna. Dei underliggande årsakene og verknadene av etnisk segregering blir utforska frå to perspektiv – innvandrarfamiliar og mottakarsamfunna.

Denne forskingsrapporten er del av eit av delprosjekta som analyserer likskapar og forskjellar i politikkutforming, innvandringsmønster og busettingsmønster i dei nordiske landa. Notatet beskriv norsk bustadpolitikk og delar av integrerings- og inkluderingspolitikken som kan tenkast å ha innverknad på bustadforhold og -karrierar blant etniske minoritetar.

Rapporten baserer seg i all hovudsak på ein gjennomgang av tidlegare forsking.

Oversikt over hovudfunn

  • Seinare tiders politikk om integrering av flyktningar har fungert godt. Flyktningane er busette over heile Noreg, og flyttinga deira til sentrale urbane område har bremsa opp.
  • Det er vanskelegare å slå fast om den omfattande inkluderingspolitikken har hatt innverknad på innvandrarar sine bustad- og busettingsmønster.
  • Dei ulike offentlege økonomiske ordningane for å hjelpe folk til å halde på heimane sine uavhengig av disposisjonsform har sannsynlegvis vore viktig.
  • Forhold på bustadmarknaden har ført til sterk segregering i dei større byane. Dei som ikkje taklar eigarmarknaden i urbane område, møter på vanskar i den private leigemarknaden.
  • Det viktigaste policy-tiltaket er bustøtte. Det har vore ein auke i mottakarar av bustøtte særleg blant etniske minoritetar.
  • Vidare forsking bør dels fokusere på avgrensingar på makronivå og dels på mikronivå, dels på kulturelle verdiar og dels på diskriminering og relasjonar mellom grupper.
  • Innvandring til Noreg har vore ein suksess på mange måtar.
  • Noreg er i ei særstilling samanlikna med andre nordiske land når det gjeld innvandrarar sin integrasjon i bustadsystemet gjennom å bli bustadeigarar.
  • Men innvandrarar har framleis eit anna bumønster enn majoriteten. I storbyar er innvandrarane konsentrerte i bestemte område. Dette segregeringsmønsteret blir no sett på som den mest alvorlege utfordringa ved innvandring.

Lenke til meir informasjon

Les rapporten Contextualising ethnic residential segregation in Norway: welfare, housing and integration policies

Midlertidige endringer av praksis

Her i veiviseren har vi samlet all relevant informasjon og lenker fra direktoratene rundt tiltak og endringer av praksis knyttet til pandemien.

Denne informasjonen er samlet for deg som jobber på bolig- og tjenesteområdet.  

Vis informasjon