Bustadsosialt velferdsprogram i Førde - foranalyse

Forfattar:
E. Dyb og C. Lied
Utgivingsår:
2015
Oppdragsgivar:
Førde kommune
Oppdragsutførar:
NIBR

Kort om publikasjonen

Førde kommune deltar i Husbanken region Vest sitt bustadsosiale utviklingsprogram. I samband med dette ønskte kommunen ein foranalyse. Denne rapporten er resultatet av denne analysen.

Foranalysen har tre hovudelement:

  1. Ein analyse av dåverande situasjon: inkludert ei oversikt over bustadbehovet i kommunen generelt og for dei med særskilte behov
  2. Ein analyse av kommunen sitt bustadsosiale arbeid si forankring, organisering og samarbeid
  3. Ei vurdering av kva som skal til for at alle i kommunen skal ha ein god stad å bu

Datagrunnlaget for rapporten er dokumentstudiar, intervju med personar i ulike posisjonar i Førde kommune og eit dialogmøte om funn frå datainnsamlinga.

Oversikt over hovudfunn

  • Den største strukturelle utfordringa i den bustadsosiale politikken var den pressa bustadmarknaden og høge bustadprisar.
  • Eit usikkert moment i kommunen si bustadsosiale planlegging var i kor stor grad sosialt og økonomisk vanskelegstilte kom til å flytte inn til Førde frå nabokommunane.
  • Rapporten kjem med 6 satsingsområde kommunen trengte å jobbe med.
  • Kommunen trengte å gå gjennom dei ulike funksjonane og rollene i det bustadsosiale arbeidet, med sikte på ei meir heilskapleg tilnærming.
  • Kommunen hadde tent på å undersøke om fleire av kommunen sine leigetakarar kunne eige eigen bustad.
  • Kommunen burde fokusere meir på rullering i kommunale bustader.
  • Kommunen blei tilrådd å vurdere talet på og omfanget av sosialbustadene, og i tillegg kva ulike løysingar vil krevje.
  • Kommunen blei også tilrådd å ta ein organisatorisk gjennomgang av dei bustadsosiale verkemidla.
  • Rapporten etterlyser også ein meir heilskapleg plan for bustadbygging.

Lenke til meir informasjon

Last ned rapporten Bustadsosialt velferdsprogram i Førde