Bostedsløs; posisjon på boligmarkedet eller identitet?

Oppfølgende analyse av kartlegging av bostedsløse i 2003

Forfattar:
E. Dyb
Utgivingsår:
2005
Oppdragsgivar:
Sosial- og helsedirektoratet
Oppdragsutførar:
Byggforsk

Kort om publikasjonen

Rapporten er ein oppfølgande analyse av ei nasjonal kartlegging av talet på bustadlause i Noreg, gjennomført i 2003. Kartlegginga skulle skaffe longitudinelle data og blei derfor lagt opp og gjennomført på den same måten som kartlegginga i 1996. Hensikta med rapporten er å gi ei betre forståing av kva kartleggingane fortel om bustadløyse i Noreg, og kva dei ikkje fortel.

Rapporten undersøker korleis omgrepet bustadlaus og definisjonar av bustadløyse påverkar kven som blir fanga opp og registrert i ei kartlegging.

Oversikt over hovudfunn

Utfallet av målinga er avhengig av både informantgruppene, av teoretiske definisjonar og av operasjonell definisjon av bustadlaus. Bustadløyse er snevert definert i kartleggingane:

  • Det er nokre grupper som blir utelatne: studentar utan bustad, vaksne med funksjonshemming, familiar med kortvarige kontraktar og mykje flytting, familiar på krisesenter
  • Det må vurderast om desse gruppene skal inkluderast i kartleggingane.

Lenke til meir informasjon

Last ned rapporten Bostedsløs; posisjon på boligmarkedet eller identitet?

Midlertidige endringer av praksis

Her i veiviseren har vi samlet all relevant informasjon og lenker fra direktoratene rundt tiltak og endringer av praksis knyttet til pandemien.

Denne informasjonen er samlet for deg som jobber på bolig- og tjenesteområdet.  

Vis informasjon