Boligsosialt arbeid i Nedre Eiker kommune - en foranalyse

Forfattar:
Camilla Lied, Helge Renå og Per Medby
Publisert av:
NIBR-rapport: 2012:15
Utgivingsår:
2011
Oppdragsgivar:
Nedre Eiker kommune
Oppdragsutførar:
NIBR

Kort om publikasjonen

I samband med Nedre Eiker kommune si deltaking i Husbanken sitt bustadsosiale utviklingsprogram har kommunen ønskt å få gjennomført ein ekstern foranalyse. Denne rapporten er resultatet av denne analysen. Formålet med foranalysen er å styrke kunnskapen om dei bustadsosiale utfordringane og legge grunnlag for meir målretta prioriteringar og satsingar.

Det var to formål med analysen:

  1. Kartlegging av Nedre Eiker kommune sin noverande status på det bustadsosiale området.
  2. Påpeike og konkretisere moglege mål og tiltaksområde og gi tilrådingar og forslag til korte og langsiktige tiltak.

Rapporten framhevar fem temaområde som forfattarane meiner kommunen bør fokusere på i si vidare utvikling av kommunen sitt bustadsosiale arbeid.

Rapporten er basert på dokumentstudiar av kommunens sine sentrale plan- og styringsdokument i tillegg til ei rekke andre dokument frå kommunen, statistiske analysar av data henta frå KOSTRA4 og SSB og intervju med personar i kommunen frå politisk, strategisk og operativt nivå.

Oversikt over hovudfunn

  • Hovudkonklusjonar frå undersøkinga er at det blir utøvd mykje godt bustadsosialt arbeid i kommunen.
  • Det er mangel på eigna bustader til vanskelegstilte på bustadmarknaden, sjølv om talet på kommunalt disponerte bustader har auka dei siste åra.
  • Nokre område med mange kommunale bustader er prega av å vere belasta bymiljø.
  • Ei stor utfordring i kommunen at det er mange vanskelegstilte, og at mange av desse har mange og samansette problem som krev eit breitt spekter av hjelp frå fleire delar av kommunen sitt hjelpeapparat.
  • Det er nokre samarbeids- og koordineringsproblem i kommunen sitt bustadsosiale arbeid.

Lenke til meir informasjon

Last ned NIBR-rapporten "Boligsosialt arbeid i Nedre Eiker kommune"

Midlertidige endringer av praksis

Her i veiviseren har vi samlet all relevant informasjon og lenker fra direktoratene rundt tiltak og endringer av praksis knyttet til pandemien.

Denne informasjonen er samlet for deg som jobber på bolig- og tjenesteområdet.  

Vis informasjon